12 Elskug-Kvæde

(Dikt, 1875)

Av Ivar Aasen

(Visetone fraa Sogn.)

   1. Naar eg finge den, eg vilde,
aa! eg skulde voret glad;

som til Gjestebod og Gilde

gjekk eg til min Armods Stad.

Lat so vera, det vardt Møda;

mødast lyt ein, kvart ein vil.

Um det og var trongt um Føda,

Armod er me vane til.

 

   2. Naar eg berre paa det tenkjer,

ljosnar Heimen som ein Dag;

alt eg gløymer, som meg krenkjer,

allting fær eit annat Lag.

Hugnad som ei Himmels-Sending

strøymer inn i alt mitt Vit.

Allting fær si rette Vending,

Livet fær sin rette Lit.

 

   3. Alt, me skulde havt aa røda,

vilde seint sin Ende faa.

Fagnad millom Trong og Møda

knapt det skulde skortat paa.

Ikkje trur eg, nokon gaadde

myken Ufred, der me var;

ikkje trur eg, at der raadde

myket Strid, og strenge Svar.

 

   4. Naar me gjekk i Onni saman,

skulde Verket fallet lett.

Laga skulde me med Gaman

alt, som best me hadde seet.

Aldri er det tungt aa træla,

der ein stødt kann Hugnad sjaa.

I eit Hus med Fred og Sæla

der verd alla Møder smaa.

 

   5. Lat deim etter Pengar grava,

dei som stødt paa Rikdom sjaa.

Naar ein fulle Hus kann hava,

tru dei, inkje stender paa.

Endaa ymist Folk eg kjende,

som var rikt og kom i Skort;

og paa same Tid det hende,

at eit litet Bu vardt stort.

 

   6. Nei, den Skatten vil eg unna

deim, som honom hava vil,

helst til deim, som aldri kunna

utan Rikdom vera til.

Men ein Heim, der Hugnad kvilde,

var den Ting, som mest meg drog.

Naar eg finge den, eg vilde,

var eg alltid riker nog.

 


Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P T Mallings Boghandel. 1875. Side 21-23. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 2003.