11 Saknad

(Dikt, 1875)

Av Ivar Aasen

   1. Eg veit so vel, det finst ein Skatt,
som vel eg hava maatte;

og ingen Mann det vilde skadt,

um eg den Skatten aatte.

Og fann eg den, var allting vel;

eg skulde vera rik og sæl.

Men aldri veit eg Grunnen,

der han skal verda funnen.

 

   2. Eg veit so vel, dei finst ein Stad,

kann henda nær ved Sida,

der vist eg skulde verda glad

og gløyma burt all Kvida.

Og kom eg der, so fekk eg naa

den Ting, som mest eg sakna maa.

Men det er heile Skaden:

eg finner aldri Staden.

 

   3. Eg veit so vel, det finst ein Barm

med same Kjensla inne,

med same Hug og same Harm

og same Von og Minne.

Og fann eg den, vardt alting rett,

og Livet skulde skrida lett.

Men det er verst aa minnast:

me skulo aldri finnast.

 

 


Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P T Mallings Boghandel. 1875. Side 20-21. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 2003.