10 Von og Minne

(Dikt, 1875)

Av Ivar Aasen

(Tone som "Den sidste Rose".)

   1. Von og Minne fara vida,
kvar sin Veg dei sviva um.
Attarst er den ljose Sida;

fremst er Vegen myrk og skum.

Fram i Myrkret Voni vender,

uviss um si rette Leid;

att i Ljoset Minnet stender,

der er Vegen kjend og greid.

 

   2. Att paa Vegen Mannen kagar

ofta sturen, stundom glad.

Spillte Stræv og spillte Dagar

ser han der paa mangein Stad.

Annan Veg det heve gjenget,

en som sjølv han vilde spaa;

ymse Ting han heve fenget,

som han aldri tenkte paa.

 

   3. Store Støytar skjekkja Heimen, 1)

gamla Voner stupa ned.

Mannen trengjest med i Sveimen

att og fram forutan Fred.

Førd i Ring av stride Straumar

driv han fraa si Stemna snart;

og dei gamle kjære Draumar

kverva undan etter kvart.

 

   4. Det, som minst av alt eg trudde,

saag eg stundom ganga fram;

det som helst i Hugen budde,

det gjekk helder av med Skam.

Fegen saag eg ymse milde

Syn, som fagra Voner gav;

men den Ting, som helst eg vilde,

vardt der aldri nokot av.

 

   5. Men um Voni stundom sviker,

trur eg endaa, ho er god.

Naar som Lukka fraa meg viker,

helder Voni upp mitt Mod.

Lat dei mindre Voner fara,

lat deim falla utan Sut,

naar dei største vilja vara

trufast heile Vegen ut.

 

1) ryste Samfundet af Lave.

 


Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P T Mallings Boghandel. 1875. Side 18-19. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 2003.