09 Hugen

(Dikt, 1875)

Av Ivar Aasen

(Tone. Kjerringa med Staven.)

   1.    Hugen fer so vida
          millom Von og Kvida.

Myket kjemer til, som ingen hadde spaatt,

myket kjemer stort, og verder sidan smaatt.

          Hugen fer so vida.

 

   2.    Hugen fer som Daaren,

          drøymer stødt um Faaren.

Fram i Vegen, trur eg, er ein Bakke bratt;

naar eg kjemer der, so er det berre flatt.

          Hugen fer so vida.

 

   3.    Hugen fer som Draumen

          att og fram i Straumen.

Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;

naar eg kjemer der, so er han burte radt.

          Hugen fer so vida.

 

   4.    Hugen fylgjer Tidom,

          trøyttest ut av Stridom.

Naar eg ser, eg inkje Huset større fær,

gjerer eg meg nøgder med det, som det er.

          Hugen fer so vida.

 

 


Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P T Mallings Boghandel. 1875. Side 17. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 2003.