05 Gamle Grendi

(Dikt, 1875)

Av Ivar Aasen

   1. Tidt eg minnest ein gamall Gard
med store Tre og Runnar.

Vollar, Bakkar og Berg og Skard

og Blomster paa grøne Grunnar.

Der eg hadde meg so godt eit Rom:

Hus og Mark med baade Bær og Blom,

alt eg nøytte som ein Eigedom

med baade Lut og Lunnar.

 

   2. Der var Dalar og Lider nog,

der Lur og Bjøllor klungo;

Der var Ruster og fager Skog,

der tusund Fuglar sungo.

Tett med Stova stod ei Bjørk so breid,

der hadde Skjorerna sitt gamle Reid,

Staren song i kvar ein Topp, som beid,

og Erlor i Tunet sprungo.

 

   3. Heime var eg so vida kjend

og slapp inn, kvar eg vilde,

i kvart Hus i den heile Grend,

um endaa Folket kvilde.

Der var Kjenningar i kvar ei Kraa,

og naar eg ukjende Folk fekk sjaa,

spurde eg radt, kvar dei var ifraa,

og d e i var lika milde.

 

   4. Var det nokon, som der leid vondt

og vardt fyre Tap og Spilla,

braadt det spurdest um Bygdi rundt,

og alle tykte, det var illa.

Ofta minnest eg mi gamle Grend,

naar eg framand uti Verdi stend,

heimlaus, frendelaus og litet kjend,

og likar paa Leiken illa.

 


Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P T Mallings Boghandel. 1875. Side 10-11. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 2003.