01 Gamle Norig

(Dikt, 1875)

Av Ivar Aasen

   1. Gamle Norig,    nørdst i Grendom,
er vaart eiget    Ættarland.
Der er Hav, som    heilt aat Endom
leikar um den    lange Strand;
Der er Vikar    og Votn og Øyar,
tusund Fjordar    og tusund Fjell,
Snøydor, der sjeldan    Snjoen tøyar,
Dalar, der Fossen    diger fell.
 
   2. Leid er vel den    lange Vetter,
endaa grøn vaar    Granskog stend,
og naar Lauv i    Lidom spretter,
fagre Liter    fær vaar Grend.
Store Dagar    og stutta Næter
lida lett um    den ljose Jord;
Strand og Fjord og    Fjell og Sæter
skiner av Sol fraa    Sud og Nord.
 
   3. Born av deim, som    bygde Landet,
er paa Tuftom    endaa til;
Garden stend i    gamle Standet,
bygd og bøtt som    Bonden vil.
Van til Møda,    meir en til Kjæla,
leikar Lyden    paa Land og Sjo.
Giv han sitje    med Sømd og Sæla
trutt paa Tuftom    i Trygd og Ro!
 
 

Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P T Mallings Boghandel. 1875. Side 5-6. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget /Nynorsk kultursentrum 2003.