8 I Ljomen fraa eit nordisk Møte

(185-, Lyrikk)

Kvar er Norig nederkomet,
kvar vardt gamle Norig av?
Ligg dat endaa sjukt og nomet,
eller ligg dat i si Grav?
Kvat hev vordet gamle Suggen?
Rundt ikring er Song og Skraal,
alle røda utan Ruggen,
han fær aldri upp sit Maal.
 
Er du slokken, gamle Gubbe?
Nei, men du er klen og veik.
Endaa gjeng du vist ein Stubbe,
naar du komen er paa Reik.
Tung er kanskje fyrste Freisten,
fyrr du stend paa Fotom fast,
men den ljose Livsens Gneisten
gløder i deg like kvast.
 
Er du blyg, at hine gingo
langt fram um deg, daa du laag?
Reis deg, dat, som hine fingo,
dat kann du med Fagnad faa.
Rød til Heimen, lat han høyra,
at ditt Maal er inkje mist.
Endaa kling dat i hans Øyra,
dat, du talad til han sist.
 
Mange Soler hava dalat,
sidan sist du talad høgt;
men dei Ord, som daa du talad,
gløymdest inkje rett so snøgt.
Minnast vil dei nokorlunde,
medan Nordmanns Ætt er til
Og dan Kunst, du dan Tid kunde,
kann du endaa, naar du vil.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania o g Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 1997/2010.