6 Ægtemanns Raad

(1851, Lyrikk)

Aa sæl er dan, som agtar seg
og ingji Sorg seg lagar!
Rett ingjen veit, kor lukkeleg
ein er i Ungdoms Dagar.
Kvi vil so mangein fagna Dreng
seg til ein Slave gjera,
og kvi vil Gjento, kor da gjeng,
ei svarter Kjering vera.
 
Fyrst maa du hava Hus og Gar'
(han er 'kje lett aa taka),
og sidan nokod til du tar'
te koka og te baka.
Ei Skarve Jord du deg skal faa,
ei liti gamall Hytta,
ei Eng med Lyng og Mose paa;
ho skal so lited nytta.
 
So gjeng i Landskyld og i Skatt
alt da, du inn kann grava;
men slæpa maa du Dag og Natt
og sjølv med alting kava.
D'er ingji Hjelp te lita paa;
so fast er Kaano inne,
og Tenar kann du inkje faa:
um Løn og Mat han minner.
 
I Husom inkje standast vil;
d'er alt i Rot og Røra.
Ein Flokk av Ungar aukast til,
so fælt eit Styr dei føra.
Din Klædnad er 'kje mykje snild,
da heng og sleng og sletter.
Og Lettebraud og Utskot-Sild
er dine beste Retter.
 
No er da kanskje inkje fritt,
at Mann og Kjering strider.
Da er 'kje fullt so søtt og blidt
som fyrr i fyrste Tider.
Nei, Fuglen er 'kje meir so fin,
naar han er fast i Handi,
som daa han sat paa Kvisten sin,
alt fyrr han kom i Bandi.
 
No er 'kje Hugjen meir so heit,
han helder ligg i Dvale.
Um all dan søte Kjærlegheit
er inkje lenger Tale.
Dan sprikjande, dan raude Kinn
vil no so lited skina;
ho heve vorted bleik og skrinn
og høver best te grina.
 
Alt detta kann du tenkja paa,
ei Stund fyrr du deg fester.
Og vert du inkje rædd endaa,
so er da best du freister.
Ja, tykst du aldri koma til
aa la' dan Tankjen fara,
so berre gift deg, naar du vil;
da skal deg ingjen spara.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania o g Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 1997/2010.