5 Hugverk

(1850, Lyrikk)

Da vantar meg eit i alle Ting,
d'ær eit, eg inkje kann nemna.
Tankanne sviv so vidt ikring,
dei tæk so undarleg Stemna.
    I Heimen altsaman
    er Gledskap og Gaman;
da vantar meg nokod endaa,
d'ær eit, eg inkje kann faa.
 
Dagjen ljosnar og Soli sprett,
da livnar paa alle Vegar.
Hugjen er tung og ille sett;
eg veit ikje, kvi eg tregar.
    All Heimen han reikar
    til Lyst og til Leikar;
da vantar meg nokod endaa,
d'ær eit, eg inkje kann faa.
 
Stjernunne blinkar og Maanen skin,
da stillest i Lægd og Lider.
Aldri da stillest i Hugjen min,
han endaa verkjer og kvider.
    All Heimen han kviler
    og drøymer og smiler;
da vantar meg nokod endaa,
d'ær eit, eg inkje kann faa.
 
Eit eg veit, som kann giva Bot,
men dan Ting er vond te finna.
Einstad finst væl ei Raad imot,
men dit er so langt te vinna.
    Fyr' di lyt eg bida
    og lengta og lida;
da vantar so mykjed endaa,
d'ær langt til eg Raadi kann faa.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania o g Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 1997/2010.