4 Heimhug

(ca 1850, Lyrikk)

Eg veit meg so fager ein Stad,
og dit hev eg lengta lengje.
Dar liver ein lystug og glad
og kjenner so vel sitt Umgjenge;
dar kjem ein i Skog og Eng
med kvart eit Fet, som ein gjeng;
dar hev ein so rikeleg Rom
te reika paa Gras og Blom.
 
Og naar du kjem inn i Byn,
so ær da so mangt du saknar.
Du høyrer 'kje Fuglanne syng
kvar Morgon, naar du vaknar;
du ser ikje Bekkjenne smaa
og inkje Tjønna den blaa;
du fær ikje Solbakkjen fri
te ganga og kvila deg i.
 
Naar Sumaren kjem i Gar,
daa vert da so vent paa Land'a.
Da grønkast i Lid og Skar,
og Fenaden slepp utor Banda,
da svarar i Fjell og Ur
av Bjøllur og Fløytur og Lur,
da glimar i kvart eit Rom
av Fugl og Fivreld og Blom.
 
Men venaste tykjer eg d'ær,
naar Hausten kjem over Jor'a,
naar Aakren ær brandgul og skjær
og Straa'a flugtar med Bora;
dæ gular paa Skogjen so bjart
og Toppann av Fuglar ær svart;
dæ rauder paa Tuvunn av Bær,
dan Visa vart avbrota her.
 

Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Trykt og utrykt.
Kristiania o g Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.  Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 1997/2010.