Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (utdrag)

(Reiseskildring, 1861)

Av Aasmund O. Vinje


Fraa Byen det berer.
Eg lyfter paa Hatt.
Gud veit no den Dagen,
naar dit eg kjem att'.
 
Farvel Hovudstaden:
i deg var det best:
der fann eg dei Beste,
der lærde eg mest.
 
Lat sjaa, du som altid
paa Folk helder Styr!
for Du er den Karlen,
som temja kann Dyr.
 
Men ufrisk i Varmen
eg altid deg fann.
Du er liksom Tanken,
du elder din Mann.
 
Og derfor til Fjølls
vil eg draga som Døl,
og Kjenningar finna
og gløyma meg sjølv.
 
Mange meina, at aka paa Jarnvegen [1] er leidt og keidt og altid likt seg sjølv; men eg, som er leid af trøyttkjøyrde Øykir og Skranglekjerrur, eg finner det som eit Dikt at fara so fort og sjaa Tre og Steinar og Tuvur og alt, som i Vegen kann koma, at syna seg fram i ein Augneblink og atter renna fraa os som skræmde Fuglar, og so høyra Eimvogni frøsa som ein annan Hest og faa Mat og Drykk af Kol og Vatn. Det er sama Drivkraft som i Hesten og meg og deg berre paa ein liten annan Maate, so det no ikki er værdt at tala um leide og keide Drivverk og slikt nokot, liksom det berre skulde vera Kol og Vatn og Eld og Malm. "Der er ei Livsens Aand i Hjulom", som Profeten talar um.
 
Det er Mannatanken, som her paa Skaparvis hever blaasit Liv i Nosi paa jordklumpen, og gjort Kol og Vatn og Eld og Malm til Tenaren sin; derfor skriker og frøser i Fugleflog denne Tenaren under Svipuslaget af vaar Aand, og me sitja paa vaar Sigervogn stoltare enn dei romerske Sigerherrar, og turva ikki som dei hava ein narreklædd Mann bak paa Vogni, som ropar til Manngarden paa baade Sidur af Sigerskeidet:
 
"Kom i Hug, store Mann, at du maa døy!"
 
Og so rulla me fram mot Upplysnings og Jordodlings smilande Land, for det var sannt det, som Franskmannen Concordet alt aatte ti Aar sidan sagde:
 
"Her vil med alt vaart Stræv vera Villmannskap i Livet, til dess me hava lagt under os all Naturkraft, so me faa hena til at gjera for os det tyngste og grøvste Arbeid, so berre me ganga og sjaa etter som Uppsynsmenn."
 
Det gjenger dei fleste Folk som meg, at dei slita burt sin beste Ungdomsmerg med at vera Hestar og det endaa tidt på Ting, som jamvel Hesten er for god til. "Svarten" er, som eg kvad, daa Jarnvegen vardt opnad:
 
"Han Vegen ikki væter
med Sveittens fløymde Aa;
til Lasset han 'ki græter,
som Husbond lesser paa. "
 
Og so sjaa me all den Uppdyrkning af Moar og Myrar og alle dei hyggelege Hus ikring denne Vegen, som eigong vil slengja seg fram berre millom bylgjande Aakrar og blømande Engir.
 
"Sjaa her", sagde Engelskmannen Shaw paa ein af dei fyrste Utferdir, daa eg stod paa Kolvogni med honom, "sjaa her", sagde han, visande paa raude Moar og blaute Gorrmyrar, "her er liksom tjuge Aar sidan millom Liverpool og Manchester, daa den fyrste jarnvegen kom dit, og no er snart alt der som ein smilande Hagi." −
 
Og endaa krevja Folk at faa Rente af Pengarne sine til denne Vegen! Kvat Rente fær vel Riket af alle dei Millioner, som det legger ned i dei andre Vegirne? −
 
Nei Jarnvegen er rik paa Tanke og Framhug fraa kver Side, han verdt sedd. Han er ikki lyft upp fraa Jordi, men gjenger som all sann Diktning gjenom det livande Liv, og straar Blomar rund ikring seg.
 
Og Eidsvoll vardt liksom ikki Eidsvoll, fyrr denne Vegen kom. Fridomen gagnar litit i Armodsdomen. Og all den Kjøyring maatte attaat Armod skapa Raaskap, for Hestehalen er inkje godt Naabuskap; han smittar, og derfor hever eg altid kjennt, at Hestehandlaren og Kjøyraren liksom hava ein liten Tev (fin Lugt) etter Hestehalen i Tale og Aatferd.
 
Beint burtanfor Stoppestaden i Eidsvoll der aust under Bakkarne liggja nokre gamle Gravhauger, som Henrik Wergeland fekk i Stand eit Lag paa for Bygdarfolket. Der drukko dei, so dei laago ikring paa den gamle Vigvollen etter alle Kjæmpetalur og alt det Fyllestaak. Eg gjekk der kring og tenkte: "det eine var etter det andre paa sin Villmannsvis; men det var i Stilen af den Tids Nordmannskap, som mest helt sig til det Utvordes og til Kytord um "Fjøllets Son" og "Norafjøll" og "Bonden med Kufta blaa som Fjordarne sine."
 
Det maatte vel til dette Utanpaahengde ogso, fyrr det Indre kunde koma. Men underlegt var det heller ikki, at Folk, som paa den Tid saago meir etter ein indre og sannare Nordmannskap, førde Strid mot slik Leven.
 
Eg vilde heller hava gjort eit Lag for deim, som kunde dyrka upp desse gode Jordir i dette væne Land enn for deim, som gjorde alt for at leggja det øyde.
 
Hjaa gode gamle Storthingsmann Lars Tønsaker saag eg det Sylvstaupet, som Henr.
Wergeland gav til Eidsvoll-gjeld som eit Afminne etter seg til Riksskipnaden, som vardt gjeven der. Det var vel gjort at gjeva slikt til Eidsvoll, men Paaskrifti og Fylgjebrevet, som til æveleg Tid skulde fylgja med Staupet, var liksom, at det skulde vera nokot stort og minneværdugt, at just han gav dette. Eg maatte smila aat den gode Diktarens Faafengd og store Tanke um seg sjølv paa Sottesængi. Og eg maatte hugsa Theis Lundegard, daa han sagde det Aaret, han ikki var på Storthinget: "Ja nu undrast eg, korleis dei busa og basa og bera seg der inne i Hovedstaden, naar ikki eg er med! "
 
Ja, ja, me ero alle meir elder, mindre so faafængde, at me tru os umissande. Men til all Lykke er det so, at
 
um store Menn dei falla fraa,
som Gras um Vaar me nye faa.
Den eine Mann er tidt ein Tolk,
men Tanken eig' det heile Folk.
Er Tanken god, han liver daa,
for det um Mannen døyr ifraa.
Og kjem for det han burt eit Bil,
han betre atter koma vil.
Som Verdi gjekk, fyrr me kom til,
so etter os ho ganga vil.
Den største Mann, det stolte Syn
mot Folkets Sol er som eit Lyn.
Naar der er myrkt, det lyser bjart,
men blinkar burt, og alt er −svart. −
 
Med desse Tankar foor eg uppigjenom Bakkarne til Skogen mot Odalen og snudde meg ikring altsom tidast og saag tilbake ned paa det fagre og rike Eidsvoll og uppetter Vorma mot Mjøsen og nedetter mot det grasgode Land og den kornvisse Jord i det store Nesgjeld. Det er eit Land med ei stor Framtid, og det gjenger baadi fort og vel til Upplysning og Magt.
Eg stod liksom paa den evste Fjøl af den smale Midten paa denne Kornbingen for Landet og saag Nord og Sud til baade Endarne.
 
Austyvir denne tvo Mil breide Skog er ein Gjeiteveg paa Forfedra Vis med Jordhyttur ikringom austigjenom ville Skogen, so der kom rjukande Røyken upp gjenom eit rundt Hol i bratte Bakken. Halvnakne Ungar og fillutte og svarte Foreldri komo ut or desse Jordholurne, liksom Folk segja, det er ikring Rom. Underlegt er det, at dei gode Eidsvellingar, som korsom er maa føda desse Armodsfolk, ikki heller hava deim buande nærare Bygdi, so dei laago lettare til og ikki turvte slita seg ut med at bera Matbiten sin upp i denne ville Skogen, som dei hogga ned der, meir enn dei vilde gjera lenger heime. Store Bygder maa endaa meir enn store Byar byggja seg upp Verkmanna-Hus (Arbeider-boliger) baadi for at spara Husfang og Ved og hava sine Driftsfolk nær inn med Jordi, og so med dette sjaa betre etter, at slike Folk ikki ero late elder kasta si Tid burt til Unyttes; for den, som ikki kann føda seg sjølv, maa standa under Trugsmaal til at gjera nokot, naar han ikki er sjuk elder for gamal. Eit Starvhus (Tvangsarbeidsanstalt) maa til; det løner seg vel ikki endefram eit slikt Hus; men det løner seg endaa mindre slikt, som det er. For Letingen og Skarven vilde dette vera den beste Fatiklog. Ein annan Ting kann det vera paa Stadar, der Husmannen hever jord, endaa dette ogso er det gamle Armodsstell, som ikki dyrkar upp jordi paa den rette Maaten, og øydelegger Skogen til Ved og alle dei Smaahus. Dette hever eg seet i nie af dei tie Tilfælli i dette liksom nyrudde Land, for det ser ut endaa i dei rikare og tettare Bygdarne, liksom Landet nyst var tekjet i Bruk af nye hit flutte Rudningsmenn, der ein og annan hadde klorat og gravit ber og der burt i Bakkarne nokre Smaaflekkir, liksom naar Høns kara og spruta attikring seg, so der er ein liten svart Prik her og der millom Skogar og Røysar.
 
Dei tvo Grannar i Odalen,
 
som eg vil kalla Olaf og Hans, toko det paa kver sin Maate og vaaro berre samtykte i den eine Ting, og det var at liva i Ufred med kverandre baadi heime til Gards og for Retten, og gjera kverandre dei største Meingjerd, som dei kunde baadi med Gjærdi og Ledgrindar og Driving og Beiting paa ein annans Eign med Buskap og Svin og Høns og alt det, som drivande er. Det var ikki tenkjande paa at beinka seg etter kverandre i slikt. Dei hadde saksøkt burt mangein god Skilling um Sanka-Vegir, Beite-Rett og Vatsrennur, so dei hadde vorit ei god Vinning for mangein gild Sakførare. Dei tapade mest Saki kver si Gong, so deira Ære var i den Vegen like stor, og vorde med det eggjade upp til at halda paa, daa dei saago, at Retten ikki helt med den eine framum den andre. Det er liksom med Kortspil slikt, og paa denne Maaten taka ogso Folk det.
 
Gardarne deira vaaro ogso bytte ut paa den Maaten, og det saag ut som gjort til eit dagstødt Meinspil, endaa der i Odalen ikki er so ille med Sameign og Millom-Teigar som paa mange andre Stadar og det endaa i slike Bygdar som Eidsvoll og Toten f.Ex. Det meste af Vestlandet og Nordanfjølls er det no aldri rødande um, for der er det tidt med Aaker og Eng, som den Eine skulde eiga dei raude, den Andre dei blaae, den Tredje dei kvite og den Fjorde dei svarte Rendarne i ein raandutte Vev elder eit annat slikt Stykke Ty. Og so er der Skigardar og Ledgrindar millom kver Stripe. Det er inkje Under, der kann verda Jorddyrkning af! Og so all den daglege Trætte og Banning og Øydelegging af Skogen til Gjærdi! Nei slik Villmannskap i Jordeign var der ikki der i Odalen imindsto ikki millom han Olaf og Hans; men endaa var der meir enn nok at trætta og saksøkja um.
 
Hans var no ein gudeleg Mann, han, imindsto hengde han og endaa meir hans mange vaksne Born paa Hovudet, og las berre desse Smaabøkerne fraa Gram og Lammers Skrift og alle slike Trudomsbøker; ja Lammers var endaa der paa Garden i Fjor, og gjorde den nyst innreidde vesle Stova til Kyrkje for dei fem og tjuge Saudirne, han hadde til at gjæta i den odalske Kyrkjelyden sin. Dei store Svolkar af vaksne Born, Gutar og Gjentur, som Hans aatte, dei laago late og las um Daapen og Tru, so dei ikki eingong paa Folkevis bergade inn dei stakkars Høydottirne og vesle Kornstraai paa den utrekne [2] Garden, som med Hus og alt saag ut lik det argaste Bruk paa Vestlandet og Nordanfjølls og i ei Fjøllbygd. Der fannst knapt ei Veite i den kaldsure Jord, og det var so det urde og krudde av Skjer i kver einaste Aakerleppen, og paa den steinutte Eng var der mest berre sjølvsaatt Gras som i gamle Dagar. Alt laag i Nukken (var forkuet) baadi Aaker og Eng, for Jordi var arm og vatnsjuk. Kvert Hus paa Garden berre ikki denne Kyrkjestova draup og lok og stod skakt og skjeivt med Stødur under.
 
Der var Lammers [3] i mange Dager paa denne Armodsgarden, og her maatte det taka somykit betre at tala um Rikdomen, som hans Trubrigd [4] vilde gjeva deim. Det rann honom vist aldri i Hug, at desse sterke unge Folk skulde dyrka og husa upp Garden sin i denne væne og gode Bygd; og naar han gjekk yvir Olafs Gard, so sukkade han yvir denne synduge Mannen, som gjorde Narr af dette heile Stell paa Grannegarden sin, og meinte, at det var betre at lesa mindre og gjera større Gagnverk. Han las vel Olaf ogso, men det var mest Tidender og jordbruksbøker og slikt nokot, og so las han Bibelen men beint fram utan alle desse sjølvgjorde haardregne Tydningar, som alle desse Trudomsfolk setja hægre enn sjølve Bibelen. Det er desse Handgrip og Fotslag (Tempo) i Trui, som for deim er Hovudsaki. Olaf kjærde seg inkje um alt slikt, men meinte, at den sanne Tru er greid, og at det var sanne Ord at der ikki skulde byggjast Tempel korkje i Jerusalem elder paa Garizim, men i Aand og Sanning; og likeins meinte han, at den, som skal vera ein god Mann for Himilen, fyrst maa vera ein god og gagnleg Mann for Jordi, og at Mannen fyrst skal læra seg sjølv, fyrr han lærer Andre. Paa sama Maaten meinte han um jordiske Ting, at all Tale om Landsens Fridom og Framvokster er Daarens Tale, naar han ikki sjølv fyrst skaper Fridom og Framvokster i sin eigen Heim. Derfor helt han heller ikki med Thrane i Riksstelling, likesolitit som med alle desse Thrane'r i Trudomen.
 
Olaf dyrkade Garden sin upp, so der saag ut som i ein Hagi. Han grov Veitur og braut Stein og bygde Hus og gjorde Treskeverk og alt det gildaste, som til er paa ein Gard. "Garden," sagde han, "er stor nok for tvo tri, og endaa vil kver Lut verda betre enn heile Garden, daa eg fekk honom.
 
Det var hugsamt at fara ikring paa Olafs Gard og sjaa, kvat der eigong kann verda af desse fagre Smaadalar, der Aaker og Eng og Lundar alt no lysa ned paa desse speglande svarte Votn [5]. Og um det enn maa verda sagt um desse Bygdarne, at dei ero langt framkomne, so liggja enno dei fleste Myrar og Jordi kaldsure og sukka etter den dyrkande Mannahand. "Det er ei Synd um slike Myrar," sagde Olaf, "dei liksom beda os um Ljos og Luft og vilde so gjerne gjera os mette og rike. "
 
Hans derimot las i Trudomsbøker og lét den sure Myr graata si Dogg so kald, at ho frøyste burt Vokstren ikring seg. Naar han so sat med si svarte slitne Trudomsbok i desse sine drjupande og fallefærduge sundersigande Hus med froset Mjøl og rotnat Høy ikring seg, daa saag han liksom fyrst i Sanning dette Jordlivs Armodsdom og vardt best kveikt upp i Hugen sin til at syngja: "Far Verdi, Farvel!" Livsens Griseskap og Stakkarsdom er liksom ei Uppelding af Hugen for slike Folk, eit Slags andlegt Rus likt Tyrkens Opium; og naar dei daa verda sjuke af alt dette svarte og late og armodslege Liv, so verdt Hugen endaa meir uppeldad. Eg hever altid lagt Merke til, at det er slik Armodsdom eller Sjukdom og Motgang, som skaper alle desse Trubrigd, og at gamle Syndarar ogso mest er med etter dei gamle Ord: "Naar Djevelen eldest, so verdt han Munk;" og "naar Mannen hever slitit ut si Ungdomsmagt i Verdsens Teneste, so tener han utsliten vaar Herre paa Slutten."
 
Olaf syrgde for at faa rumsame Kyrkjur og lagde paa den laglegaste Staden for Aalmugen, Baadi for dette og for han vilde faa gode Vegir, fekk han Uvenskap med mange fleire Folk enn Hans. Bygdi var for alt slikt deild i tvo Serlag (Partier), som attaat skreiv i Tidenderne mot kverandre. Eg hjælpte endaa han Olaf til at skriva ein slik Avisartikel, som var fraa "ein Bonde i Odalen." −"Det er Synd," sagde Olaf, daa eg skreiv, "at ikki eg og skulde hava lært meir i Ungdomen min. Men so fær eg taka det atter paa Borni mine, som eg sender sume af inn paa Byskulen. Det gjenger ikki godt etter denne Dag at eiga ein so god Gard og sitja lik meg som ein Staur i Selskap og Formannskap og alt det. Og sume af Smaagjenturne mine sender eg ogso inn til Byen for at læra Matlaging og Folkeskikk og skriva somykit som eit folkelegt Brev, um Gud lagar det so, at dei eigong faa seg ein Kjæraste."
 
"Men'" spurgte eg, "korleides lærer Hans upp sine Born?"
 
Aa du veit korleides slike Folk læra: dei tru at Kunskapen er syndug, og derfor læra dei, som dei driva Garden sin. Det seer likeins ut inn i Hovudet deira som ute i Garden; derfor verda mange ogso galne; her er tvo sende fraa denne Bygdi inn paa Gautstad. Men no skal eg fortelja deg ei løgleg Rispe. Her var ei Gjente trulovad, men so gjekk ho inn i Lammersdomen, og so slog Kjærasten upp med hena. So gingo dei eit Aars Tid og liksom saago paa kverandre; tilslutt sagde Guten: "ja enno kann du gjera det, du vil, anten du vil gjeva upp denne nye Tru og faa meg til Mann, elder du vil tru og ganga som ei Møykjering." Det drog paa baade Sidur, men sterkast der, som Guten var, og so slog ho upp med han Lammers.
 
Ja det gjorde Gjenta rett i, sagde eg. "ja, det maa du segja."
 
−−−
 
I Odalen er utrulig mykit atter af det gamle Maal, og han Olaf var ein af dei beste i dette Stykket; men der er tidt ei rang Uttale af Ljodstavarne (Vocaler), soleides segja dei i for y f.Ex. Bien for Byen. Dette er ellers liksom paa Island i dei seinare Tider. Men paa sama Tid, som der er mykit godt og gamalt i Maalet, so hava dei gode Odøler tekjet upp mykit af det nyare og betre Husstell og Gardsdrift, so der er ein hugsam og klok Framgang i Upplysning og Folkeskikk. Det er so nær Byen, at Folket maa læra nokot, og der er baadi Timberskog og god jord, so det er Bygdar, som hava ei stor Framtid baadi med Land og Folk. Det er liksom ei Fjøllbygd midt i det store og rike Uppland med det beste Vatsføre i ein Sidedal fraa Glauma upp til nørdre Odalen og paa baade Sidur af Glauma i søndre. Men Jordi er betre i nørdre Odalen, og Skogen rikare og laglegt liggjande fram mot den fagre vesle Sjø Sandungen og den storre Odalsjø, som ligger saa laagt, at han aukar med Glauma upp igjenom den stille krokutte djupe Aa, som er kransad ikring med dei beste Gardarne, som ein Mann kann sitja paa.
 
Det sokallade Odals Verk i søndre Odalen er ein af Landets fagraste og beste Gardar, og so vel vuksit med Hagar og Lystskogar og Veglundar, at det er eit sannt Herresæte, like hugsamt at liva som døy paa. Verket er nedlagt; men det gamle gjæve Stell paa Hus og Mark af dei gamle Eigarar af tysk Ætt stender atter, og verdt hegnt um; og der er komit Sagbruk og Bryggjarverk, so der enno er Liveveg for Mange; og so er det Sætet for denne store Eigendomsmann J. Bredesen, som paa den beste Maaten sambinder norsk og svensk med alle sine Eignedomar paa baade Sidur af Riksgrensa og sin Handel langt inn i Sverike og gjenom Vatsdraget fraa Riksgrensa alt ned til Gøtheborg. [...]
 
Kring Kongsvinger
er baadi rikt og fagert, og det verdt ein gild Kvilestad paa jarnvegen til Sverike. Men so maa denne vesle Byen upp i Bakken verda flutt lenger nedaat Glauma. Naar der so kjem Jarnveg uppigjenom Soløyr ogso, verdt der Liv paa den Leid, og fyrst daa vil Skoghandelen der koma i full Gang. Skogen verdt ikki so stor og tykk daa; men so vil eit litit Tre vera likso gjævt som eit større no, liksom me alt no sjaa, "9 Tom." er likso gjævt som nokre Aar sidan "12 Tom." Eg seer derfor ikki so stor Ulykke i Skogens Minking, som Mange gjera, og paa desse Kantar vil han aldri verda so tunn elder afsnøydd, at der er nokon Faare for Øydelegging, daa der er so laaglendt, at han alltid vil gro upp som Brodden paa Aakren. Men derfor skulle Folk likevel læra at hogga med Maate og ikki som stundom no til reint Skadedraap. −Der er livande Handel med Skog alt no paa desse Kantar, ja so livande, at Mange hava forhandlad seg, so der no er liksom ein Stur. Desse siste Aars Pengetid hever vel gjort sit til denne Stans; men Folk paa desse Kantar ero so kvike og modige, at dei lett forlaupa seg, og derfor maa dei liksom sova imillomaat. Dei ero kallade Noregs Franskmenn, og dette er ikki eit so usannt Ord endaa, for den seige norske Bonden er ikki so javnt at finna her. Der er Liv og lett Umtanke, og der er fleire Bønder, som lesa Tidender her enn kanskje paa nokon annan Stad i Landet, imindsto er dette Tilfellet i Aasnes, som er utruleg langt framme baadi med Husstell og jorddyrkning og den heile Livemaaten. Paa den sokallade Jadar [6] ikring Vingersjøen inn med Kongsvinger er det likeins, men jordi er ikki fullt so sandutte der. Det er ellers upplyst og godt paa heile dette Strok; og det maa vera dei reide Pengar, som Skogen gjever, og dei mange Utferdir af denne Drift, som gjerer dette, for Jordi sjølv er ikki god men sandutte for det meste, og det i heile Glaumas Vatsdrag alt upp til Reindalen og ned, til Vorma fraa Mjøsen kjem ned i hena i Nes paa Romerike, for sidan verdt der betre jord kring Glauma af dei Kalkberg kring Mjøsen, som fyrr i Verdi vorde skavne til Mjøl af Is, elder kvat det no var, so der er Kalkleire ned igjenom heile Dalføret. Til nørdre Odalen og eit Stykke upp, i søndre er ogso denne Leira og likeins nokot her og der uppigjenom Soløyr, og mest paa den vestre Aabred. Daa Dalen var full af Vatn, maa Leiret hava sigit ned paa Botnen af denne Gjørma og ikki sidan vera burtskylt elder yvirfløymt med Sand fraa Raudkynningsbergi (Granit-) austanfor Glauma og paa baadi Sidur upp mot Tønset. Daa eg ikki er Jordkunnig nok, og heller ikki kunde merkja meg alt slikt, skal eg ikki tala meir um denne Ting her, men segja det, som kver kann sjaa, at Jordbotnen ikki er so god upp igjenom Glaumsdalen som ned igjenom Dalføret fraa Mjøsen, og at derfor aldri jordbruket kann verda so godt upp ikring evre som nedre Glauma, og upp igjenom til og kring Mjøsen og endaa i sjølve Gudbrandsdalen, som hever fengit sit Mjøl skavit af Leirberg paa Dovre- og Jutulsfjølli, og af Nedraas og Veder-Eting (Forvittring) paa sjølve Stadarne. [...]
 
Glauma og derikring.
 
Alt ifraa Kongsvinger og upp til Aamot i Øysterdalen er Landet seg mykit likt alle Stadar, berre Dalen verdt trengre, og Glauma gjenger ikki so stor og still i sine tankefulle og seg sjølve altid like Slengingar, til lenger Ein kjem nordetter. Det er med Glauma som det er med os fleste, at ho ikki kann fara beint fram, men maa slaa Krokar for dei Berg og slikt nokot, som liggja i Vegen og ikki kunna sprengjast. Det er Faae paa Jordi, som kunna naa sit Maal paa den beinaste Vegen; og naar ikki eigong Glauma kann gjera det, so skal ikki Smaabekkirne vera arge for sine Vegamein, um dei tidt maa mest ganga tilbake i seg sjølve. Eg lærde mykit af Glauma: at ho gjekk af Vegin for eit Berg og eit Fjøll var inkje at takka hena for, men ho gjorde dette tidt for berre Jordbankar og Sandøyrar; men so grunngrov ho sløgt og umerkjelegt desse Meinskrokarne, og tok Beinvegen sin, fyrr Nokon vitste af det. Derfor sagde ogso Folk: "det er Ingen, som veit, kvar han hever Glauma; ho er so sløg" (slu). Soleides tala Folk um Visdomen, som ikki stangar Hovudet mot Steinen, men segjer med Holberg, daa ein Mann stengde Vegen for honom og sagde, at han ikki vilde vikja for eit Narr: "Ja gjenger ikki du af Vegen for eit Narr, so gjerer somenn eg det. " −Holberg var som Glauma, han. Som me Alle gjera, legger ogso Glauma sjølv dei fleste Mein i Vegen sin: ho skyler og grutar upp Sandbankar, af sit eiget Djup, og so maa ho sidan undergrava og ganga af Vegen for sine eigne Meinsbragd. Det er af dette Sume tru, at Soløyr hever sit Navn; og det er dette, som gjerer det so vaalyndt med den Eimbaaten, som er tenkt at skulle koma i Gang uppigjenom alt til Aasnes. Der foro Vatsbyggjarar (Hydrografer) i Sumar og loddade upp Straumar og mælte Fossar. "Ja", sagde ein Mann i Grue, "dei lodda og mæla; men Glauma lær aat all Lodding: der dei sigla i Aar kann vera turt Land aat Aare."
 
Naar desse Øyrarne verda nokot gamle, skogganga dei og liggja som eit fagert og godt Slaatteland; og naar det daa er Flaum, standa Lundarne liksom i ein Sjø og stinga sine grøne Toppar upp af Havet. Naar daa dei fagre Gardarne liggja ikring, og dei myrke Skogarne uppetter Lidarne, so er det eit Syn, som ikki er gløymande. Vaarflaumen var minkat, daa eg foor der, men endaa var det ein unevneleg Hugnad at siga og driva ned igjenom svarte Straumen. Der vaaro fagre Gjentur med i Baaten, og me sungo og spraakade. Ein Gondolfart i Venedig kann ikki vera meir leikande. Timberstokkarne seig ned mot Havet fraa sine svarte Skogar paa denne Landsens største Livaader. "Der er til ein ny Silkekjole," sagde eg til ei Gjente, og visade paa nokre store Timberstokkar, som drogo afstad so vyrdnadsfulle, liksom dei vel vitste, kvat dei vaaro for gjæve Karlar.
 
"Er det ikki Synd," sagde ein Mann i Baaten til meg daa, "at me skulle kaupa burt vaart malmgode Timber i Silke og slik Stas?"
 
"Nei," svarade eg, "Skogen er skapt til at gjera vaart Liv hugsamt og fagert. Skogens Aandir maa no hoppa af Glede, for dei kunna skapa all denne Upplysning og Folkeskikk ikring seg, og desse Skogarne trjota ikki, fyrr Glauma turkar, naar de hogga med Folkevit, og setja Skogar under Tilsyn."
 
"Du vil altso hava Tilsyn, som her no verdt talat somykit um," sagde han.
 
"Ja, Øydeleggjaren maa likesovel i dette Stykke, som i mange andre gjerast umyndug," svarade eg, "dersom det kunde lykkast at finna den rette Maaten med det. At selja til Uthogst f. Ex. burde vera forbodit. Skogen er korkje min elder din, um me aatte aldri somykit; men det er Landet, det er den heile Mannaætt, som eiger honom, og me skulde forvalta honom so, at Folk ogso kunna liva etter os, og gjera me ikki det, so maa Riket triva Øksi af Handi vaar, liksom Kniven af Barnets. At tala um ein Eignedomsrett, som skulde naa lenger, naa til Afgrunns, er Barnetale. Me ero eit fritt Folk, men Fridomens fyrste Dygd er at leggja Klokskapsband paa seg sjølv."
 
Folk segja, at desse store Skogarne med sine slette Furumoar imillom ero so dauvlege; men eg tykkjest, det er gildt at fara i ei lang bein Geil (Veg) liksom igjenom ein Kjæmpe-Rugaaker, so Ein seer berre ei smal Stripe af Himilen, og Furuleggirne blenkja raude liksom friske vederbitne Kinnbein. Og so hoppar der eit Ikorn yvir Vegen og springer smattande uppetter eit Tre og hoppar yvir Geili uppyvir Hovudet burt i den andre Fura. Det dalar paa denne tolv seksten Alnir lange Luftferd, so at, um det hoppar mest ifraa Toppen paa den eine Sida, so kjem det heisande ned mot Midten inn i Greinerne paa det andre Tre. Det hender ogso, at Reven stryker yvir Geili; men dette merkjer vondt, sagde ein Skytsgut meg; er det attanfor Ein, so hender Ulykka der, han kom ifraa, og er det framanfyri Ein, so hender det vonde der, han kjem fram. Der sprang ein gild Rev yvir Geili framfyri meg paa dei milelange og snorbeine Skogmoar millom Aasnes og Elverum der igjenom Vaaler; men eg spurde inkje annat enn vel, daa eg kom fram, endaa der kunde vera hendt ei Ulykke for den Skuld, um ikki eg fekk vita det. [...]
 
Øysterdalen
 
stender vist hægst af alle norske Dalar i Upplysning og god Folkeskikk. Det maa no, som alt sagt, vera Skogen og dei mange Utferdir, som hever gjort dette; men det er ikki nok med det, at somange ero velstandande ja endaa rike og det tidt ovrike, for det kunna Folk vera ogso i andre Dalar sosom sume Ættir i Gudbrandsdalen; men der er slik Sedhevd (Cultur) med alt det, som Øysterdølen ferer med; eg vil berre her nevna det Reinfærlege, som der i Øysterdalen mest er endaa vel mykit af. Alt skal vera drivande kvitt, um det so verdt svart atter i sama Augneblinken sosom det daglege Golv. Det er som i England, at den svartaste Smeden skal hava dei kvitaste Klædi; og dette er no ogso det rette, for daa seer Ein fyrst vel det svarte og kann faa det af seg; men det er dyrt, og derfor er Reinsleiken næst Kunskap den dyraste Ovbunad (Luxus); men so er han daa ogso Fargen for Uskuld, liksom Kunskap lyfter os upp til store og gode Tankar. Derfor er det sjølvsagt, at desse Ting maa vera dyre. Det øysterdalske Maal er ikki so gamalt og godt som f. Ex. i Gudbrandsdalen, endaa her er mange gode Ord og Talemaatar.
 
I dei rikaste Bygdarne sosom i Storelvedalen er det folkelege (nationale) so høvelegt sambundet med den nyare Upplysning og Livemaate, at det baade i Maal og annat er liksom vuksit ihop. Desse tvo Ting standa ikki og skrika ein annan i Øyro og det tidt i sama Mannen og sama Huset liksom mangestadar ikring Mjøsen og ellers paa det rike Uppland, og heller ikki stender det folkelege einstakat bland alt det Svarte og Bakvende i Gardsdrift og Livemaate sosom i dei fleste Fjølldalar og Sjøbygdar mest Vestanfjølls.
 
Der er ein forunderleg Finleike i Umgang hjaa mange af desse Øysterdøler; −det er like langt fraa den gravvise og forvitne Fjøllmann og Motsetningen den Franskmann, som kann vera saman beile Dagen med ein Mann og ikki spyrja, kvat han er for ein. Dei vita so vel at møta Utbygdingen paa halve Vegen og gjeta hans Ynske, og so gjera alt godt, liksom det ikki kunde vera anderleides. Det er eit i Sanning fint Folk utan den mindste Storlaat, um der er aldri so mykit at vera stor af, og med alt den heimlege Hugnad og Djervskap, som segjer, at det er Norsk og ikki innført. Slikt vilde vaart Bokmaal hava seet ut, dersom me den heile Tid hadde vorit os sjølve og ikki ein Sæter under Danmark i fire hundrad Aar.
 
Eg skal aldri gløyma ei Kone, eg saag der. Det var ikki af dei rike, men henar Aatferd og Skipnad og reine fagre Born og framfyr alt henar sterke, friske og fagre Skapnad gjorde, at eg trudde at sjaa Moder til Goethe framfyri meg. Det er merkjelegt, at her ikki kjem liksomange Flogvit (Geni) ned til Byarne Aars aarleg, som Æar (Elve) og Bekkir koma rennande fraa sine Fjølldalar ned i Havet.
 
Ei onnor Kone, eg der saag, er heller ikki gløymande. Ho hadde ein fordrukken leid Mann; men ho lest som ingen Ting var og hengde liksom Dulskaapa paa si Ulykke, og lest liksom den øydelagde Mannen hadde Rett, medan eg høyrde paa det. Ho sprang og vølte med honom som eit Barn. Hadde det vorit meg, so vilde eg hava stengt honom inn som ein annan Gris, daa den, som drikker slikt, ikki lenger er Mann.
Det er ei af dei svarte Sidurne ved dette Herreliv hjaa mange Øysterdøler, at mange forkoma af Drykk og gode Dagar. Eg vil her fortelja ei Histori um ein Mann, som eg vil kalla
 
Kaksen
Han havde tvo Sønir, Sigurd og Svein, og desse vaaro baadi han og mest Moderi rædde for, som det sømer seg for so rike Folk. Men daa Kaksen var af den gamle Tenkemaaten, og Moderi af det Slags gamledags Folk, som altid vil hava Borni fyri Augo sine, so lærde Sigurd og Svein ikki meir, enn dei kunde læra af ein Aalmugaskulemeistare, som var Huslærare; og Sigurd og Svein maatte liksom heller ikki koma stort ut med Ungdomen i Bygdi, for dei vaaro for gode til dess. Soleides voks dei upp, med store Tankar um seg sjølve og smaae Tankar um andre, og so med den Faakunna, som matar slike Tankar; men daa der var eit godt Huglynde i deim, so var det endaa "snille Gutar." Som slike Rikmenns Sønir fingo dei imillom Lov til at reisa til Hovudstaden og til Grundset Marknad; og daa dei hadde Mynt i Mengd, og Alle gjerne vilde vera Kjenningar med "so gilde Karlar," so lærde dei seg til at drikka, fyrr dei vaaro vaksne og "vera rned," som det heiter. So døyr deira Moder, og so vorde Sigurd og Svein friare. Dei gjorde Byreisur og Marknadsferdir, og Champagnen perlade; og for kvert Tjug af Tusind, som vardt bodit for Skogen deira, toko dei i ei Flaske til, og kravde paa Matbladet i Vertshuset for at bjoda sine Gjestir den beste Maten. Det gjorde dei no ikki stort dette, for det gjekk ikki sovidt, at det tok paa den tunge Pungen; men det gav desse unge Menn ein vond Vane; og dei Øysterdalske Gjentur, som kunde vera høvelege for deim, trudde ikki lenger paa desse ovrike Gutarne, men drogo seg paa sin fine Maate undan, naar dei saago, at Sigurd og Svein meinte paa nokot; og daa dei no attaat denne Mistru af Gjenturne heller ikki kunde vera til Hugnad for Mannfolk lenger enn ved Bordet og Flaska, for dei hadde lært for litit, so toko Sigurd og Svein paa at vanvyrda seg sjølve, som dei vorde vanvyrde af Andre. Dei stodo stampande liksom i blaute Leirhotnen, so til meir dei stampade, til djupare trodde dei seg ned i. Daa no Sigurd saag, at han ikki kunde faa dei gilde Gjenturne, som han vilde hava havt, so vardt han som vanleg leid, og sagde med alle, som det gjenger slikt: "Eg skal vera arg og taka ei Tenestegjente, og visa dei gjæve Møyarne, kvat det er for ein Mann, som dei vanda; og naar daa dei graata, so lær eg. "
 
Anne var ei snill Husmannsdotter og so maateleg fager, som Folk er flest; men henar Upplæring og Livsvane og indre Stræv hævde hena ikki upp fraa si Stilling; ho var Husmannsdotter og lagleg til at verda Husmannskone atter; og ingen Annan enn ein Mann som Sigurd kunde falla paa at lyfta hena upp. Men han fridde, og fekk daa, som kver kann vita, Ja, med det fyrste Ordet. Anne hadde just fest seg aanyo paa ein Gard der; men ein Dag kom ho atter med Stedspengarne og sagde, at ho no ikki vilde tena lenger. Husbondskona gjorde store Auge og spurde, um ho var gali elder vilde taka paa Fantestigen. "Nei", svarade Anne, "eg skal snart verda betre Kone, enn du er. "
 
Det leid og det skreid, og Anne tok til at verda so lagat, at der var Hast med Brudlaupet. Sigurd hadde, som ventande var, ingen Hug til Anne, og tenkte berre paa at hava hena til Bedlevekkje [7]; men daa det vardt so aalvorsamt, trugade hans Fader honom til Byen for at henta Gjestebodskost. Den Gamle var ein Mann, som ikki vilde vita af Fjas men hava Aalvor i ein slik Leik.
 
Daa Sigurd hadde vorit i Byen og kaupt Brudlaupskosten og Stas og truleg løyst Kongebrev, for at alt kunde ganga stilt af, spyr han, daa han kjem til Eidsvoll paa Trammen af Stoppestaden der, at Svein, Broder hans, heime hadde drukkit seg i Hel, medan han var i Byen. Anten det no var af Sorg elder, som trulegare er, af Tanken um, at han no var vorden dubbelt so rik, vist var det, at Sigurd tok paa at drikka meir og meir uppigjenom Mjøsen til Hamar, og kom kjøyrande sprengd heim og døydde nokre Dagar etter.
 
Der stod Kaksen atter harnelaus som eit kyllt (afkvistat) Tre paa sine gamle Dagar. Alt tok ogso meir paa honom, daa han var kvistlaus, og han turkade burt. Daa no dei næraste Skyldfolk, som skulde erva, saago dette, so vilde dei paa gamal Vis jaga Anne utor Huset og skjemde og kallade hena for alt det verste, som til var. Dette var Bønirne, som vorde lesne yvir Sængi paa den døyande Kaksen! Men han innsette Anne til Erving, Halvparten for hena sjølv og Halvparten for det, ho gjekk med. Kaksen døyr, og Anne fekk seg ein frid (skjøn) liten Son.
 
Daa fekk Fløyta eit annat Ljod: daa var det ikki lenger "Fante-Anne"; og den Kona, som hadde brukat den grøvste Kjæften mot Anne, fekk no lirka og leika og laga det so, at Anne vardt Sonekona henar. Soleides vardt Rikdomen hangande i Ætti til stor Sorg for dei mange andre "Speculanter" vidt og breidt, som drøymde um denne Gullhøna.
 
Til Sæters.
 
Det beste ved det øysterdalske Stell er Sæterstellet, for i dette er her endaa best i det heile Land; det kann hugheilt verda sagt. Det kann vel henda, at sume af dei beste Sætrane i Vaage i Gudbrandsdalen koma nær det øysterdalske Sæterstell, men dei, som eg saag i Gudbrandsdalen, ero langtifraa slike, endaa Gudbrandsdalen ogso i dette Stykke kjem nærast etter Øysterdalen, liksom Gudbrandsdalen af alle norske Dalar i huslegt Stell heime stender hægst næst Øysterdalen. Næst etter Gudbrandsdalen fann eg det best til Sæters sumestadar i Innherad der burt paa Fosenlandet, som eg var eit Stykke inn paa. I Valders og sumestadar i Bergens Stift hever eg ikki vorit til Sæters; men ettersom Folk segja maa der vera sama gamaldagse Stell som i Thelemork og det andre Vestlandsk- og Sunnanfjøllske. Paa sjølve dei heidemorkske Sætrar, som grensade til dei Øysterdalske var det som at koma inn i eit annat Land. Derfor er Smør og Ost og all Fedraatt so god i Øysterdalen, endaa Beitet der imindsto sunnanfor Tønset ikki er so godt, som paa Jøtunfjølli til Gudbrandsdalen og Valders og vestigjenom Hardangsfjølli nedyvir til Thelemork og Sætersdalen.
 
Paa dei gode Øysterdalske Sætrar var Sæterbudi afdeild i tri Hovudrum, og det var i ei Gang i Midten som Arbeidsrum for Kjerning og slikt nokot og so liksom til Forstova; og so var Mjolkebudi med Radir for Mjolketrog og Kollur og Smør og Ost, alt drivande kvitt og med jordgolv elder flate Steinar for at halda det kaldt; og so var det Daglegstova med Skorstein og Sængir; der var Golvet skurat reint som i ei Prestestova og strøytt med Bar; og so var der ein Kove til Sængerum for Husbond elder Gjestir med reine Lakan og Stell som eit gjævt Gjesterum heime. Og so var der Stabur for Kjøt og slikt, som kunde gjeva Afsmak af seg. Der var Fjos og slikt nokot, alt liksom paa ein full Gard heime berre alt var mindre. Gryte og Kjetil og Kopp og Kjerald af alt Slag var skurat og paa sin rette Stad, og Sætertunet var endaa tidt straatt (brulagt) med flate Hellur for ikki at siga ned i den djupe Saur og Søyle, som der altid er utanfor Sæterdyrni, der Buskapen trokkar. Vegir vaaro endaa sumestadar gravne inn igjenom Fjøllet, so Ein kunde kjøyra til Sæters med Kjerre, og alle stadar var der gravit, so Vegen ikki var slik ei Steinklommer, som vanlegt er til Sæters.
 
I Vestfjølli var imindsto fem Aar sidan vanlegt berre eit Sel (Sæterbud) paa Stødlen (Sæteren), der Mjolki var og Folk laago og tidt var der ingen Skorstein heller, so Mjolk og Smør vardt fullt af all den Røyken og Lukten, som til var; ikki var der Golv men blaute og saurutte Tufti, so det er ikki betre so at segja, enn at det var eit Grisehus. Litit betre var det paa dei heidemorkske Sætrarne. Det er inkje Under, at der er daarlegt Smør og Afdraatt med det beste Beite.
 
Høysel elder Høyløda er der no paa alle Sætrar, naar der er Slaattevollar, som det vanlegt er; men ogso denne Høyløda var best paa dei Øysterdalske Sætrarne. Derimot hadde dei her likso litit Vit paa som Andre at velja den rette Sætervollen, men lagde si Hevd paa Steinbakkar og kaldsur jord. At grava mange og djupe Veitur synest vera det siste, Folk læra baadi heime paa Garden og burte paa Sæteren. Dette hava me og andre Folk maatt lært af Engelskmannen, for vaare gamle beste Veitur vaaro baadi for faae og for grunne.
 
Huldra.
 
Tri Mil gjekk eg ein Sundags-Ettermiddag upp igjenom dei bratte Furulidar og vest og nordetter dei lange Fjøllmyrar og Flottir (Flaair Fjøllslettir) kvite af Reinsmose med knapt eit grønt Straa. Der var so audt og daut, at eg berre høyrde Andardraget mit. Kvelden drog inn paa, og Lufti tok til at tykkna, so Fjøllpiggarne stodo med blaagraae Hættur paa Hovudet, som Soli af og til skein ikring og fargade Fjøll og Flott med sin himilske Eid. Eg sette meg paa ein Stein og skaut Pusten, turkande Sveitten af Panna mi.
 
No seer eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna 'svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer' meg tankefull, men endaa fjaag [8]
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.
 
Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.
 
Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart.
Og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart;
sjølv det, som til at synda tidt meg daarat,
sjølv det gjer' harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad' koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.
 
Og kver ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjæmpur spyr eg, kven som vinner
af den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli ned i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eigong huggar
dei gamle Minni og dei gamle Skuggar.
 
Det vardt myrkare og myrkare; eg gjekk og sprang desse endelause Flottir med Stein i Stein og Rindar og Rantar og Afdalar som storknade Bylgjur. Fraa Bylgjerygg til Bylgjerygg er eit heilt Augneleite; og naar du kjem fram paa det næraste, so er der eit likeins atter, og so framigjenom. Men so var der Uppkomur i Myrsev med so kaldt og reint Vatn, at der var Helsebot i det. At liggja paa den mjuke Mosen og sjaa Sveitedroparne paa Panna ned paa Botnen af dette Staalvatnet, og taka Gløyp etter Gløyp, og so rulla seg paa denne Silkemosen, ah, denne Vellyst er ikki forteljande, for det er mest liksom til at daana af. Naar det kann smaka slikt her til Fjølls, so var det inkje Under, at Mahomed i eit varmt Land lagde Himilriket inn med slike Kjellur, og at ogso Bibelen talar um eit Livsens Vatn, og um Hjorten, som skriker etter slikt Vatn, endaa eg kann aldri tru, at der var so godt Vatn i Arabia og Jødeland som her til Fjølls. Byfolk skulde fara til Fots derupp og smaka paa det.
 
So kom eg fram paa ein Bakke og saag det lyste ned i Dalen fraa den opne Sæterdyrn; og so høyrde eg Bjøllur og Lokking. Det veit Ingen, kvat Folk og Hus er, fyrr han hever gjengit so i Fjøllet, og det kveldar. Eg meir dansade enn sprang og gjekk ned igjenom den vesle Lid, so trøytt og tyrst og solten som eg var. Daa eg kom ned paa Sæteren, batt Gjenturne Buskapen og mjolkade. Eg gjekk inn i Selet (Sæterbudi), tok af meg Skræppa og sette meg inn med kvite Skorsteinen, som det lyste og brann so godt paa. Rett som det var, kom der inn ei ung Gjente med ein uppbunden striputte Kjole af fint Ty og med ein drivande kvit ein under, kantat med Knipplingar, som eg trur for ho kom fraa Fjoset med Mjolkeringa, so, det var best at vera kvitklædd for at gaa vel (blive opmærksom paa) alle Saurflekkir; ung og sterk og raudleit og fager var ho, so eg vardt sitjande som klumsat eit Bil og einstirde paa hena. Eg spratt daa endeleg upp og tok hena i Handi og baud god Kveld og sagde kven eg var, og kvar eg vilde etter.
 
"Aa er det du," sagde ho med sit mjuke Mæle, likt det lindaste Samljod fraa Strengen; "ja, eg hever høyrt gjetit deg; set deg ned! du maa vera trøytt etter slik ein Veg." −Eg hever aldri vorit meir stolt og glad yvir at vera kjend; men eg var rædd, for eg trudde, at det ikki kunde ganga rett til dette; men at eg maatte vera bergtekjen, for Hus og Gjente og altsaman var liksom eit Eventyr. Og so minntest eg etter han Kjetil Bjørnson, den Kvelden han kom til Supsabudi: han fekk Mat og alt det beste som til var af ei Gjente, blaaøygd som Dagsrandi og so, makalaus væn, at han sat liksom forgjord heile Kvelden og lagde den eine Einerkrøkla paa Elden etter den andre for at sjaa vel paa dette Synet; men daa dei skulde leggja seg, saag han, at det var Roveguro, for Halen drog seg so lang som so. Han seig i Uvit (Besvimelse) med det sama, og daa han vaknade uppatter, saag han ingenting annat enn svarte Myrkret i Selskraai, der han laag paa Lyng og Mose frosen og solten og so trøytt, at han verkte i kver Led.
 
Daa eg var komen under med, at det var Folk, eg var komen inn til, so drakk eg søt Mjolk af ei drivande kvit Skaal; og so gjekk eg med ned i Fjoset og synte, at ikki eg heller var klenare Karlen, enn at ogso eg kunde mjolka; og so fortalde eg um det vestlandske Sæterstell og um den Sumaren eg laag i Fjøllet og gjætte Drift, og svav under Steinhellerar og Einerbuskar og inne i murade Smaahyttur tekte med Torv, som Gjeitarne skrapade af, so me saago beint upp i Himilen fraa Mosasængi vaar. Gjenturne logo, og eg med; og so bar eg inn med det store Mjolkespannet og silade upp Mjolki med og sette Trog og Kollur upp-aa Hjellen, so, den eine Gjenta sagde, at eg gjerne kunde vera Busvein med for den Skuld. So rørde eg med Sleiv i Brimkjetilen paa Skorsteinen, for at det ikki skulde brenna ned i, og so, var eg liksom Pus etter Gjenturne, naar dei gingo ut i Mjolkebudi, for eg vitste, at der vankade Rjome (Fløde) og søt Mjolk. Anne −so, vil eg kalla Husets Dotter −Huldra, var eg liksom endaa rædd, for eg totte, at ho stelte seg so fint og adlegt, at det ikki kunde ganga rett til. Men korleides det gjekk elder ikki gjekk, so kann kver vita, korleides det maatte ganga ein stakkars Ungkarl, naar han so kom inn i det. Han kann vera ulykkeleg med det, som mindre er, den arme Kroken.
 
Det leid og skreid fram imot Midnott; so, vardt eg af Anne boden ut i Koven. Der stor Bordet med rein Duk og Rettir af mange Slag, liksom det skulde hava vorit midt i Byen, med Dram til Maten og alt det beste, som til var. Eg saag det i Spegilen paa Veggen altsaman. Den kvite vesle Skorsteinen ut i Koven, som der stod Louv i, vardt rudd og kveikt Eid paa, so det lyste baadi af Skorstein og Ljos. Anne sat med tilbords, daa eg bad um det; men daa eg hadde rivit af meg den verste Sulten, vardt eg so underleg, at de bar imot og sette seg liksom for Bringa mi. "Den, som eg skal taka meg til Mann," sagde ei Gjente, "maa vera so forelskat, at han orkar ikki eta."
 
"Drikk," sagde Anne, "eg veit du tyrster; sjaa til at faa deg Mat; eg veit du trenger til det."
 
Bordet vardt afdukat og ein Kopp med søt Mjolk og ei Pipe vardt sett inn paa Bordet. Tvaattevats-Stol og reint Handklæd vardt stelt til. Eg baud god Nott og saag liksom igjenom Veggen etter hena Anne, som sveiv utigjenom Dyrni liksom ei Sky i Kveldsol mot Notti.
 
Men den, som ikki fekk sova i denne gjeve Gjestesæng, det var eg, for eg laag og tenkte paa det, som den eine af Gjenturne sagde meg um Kvelden, medan me saato aaleine inn med Skorsteinen:
 
−−"Ja du rosar hena Anne, du; det er sannt, at ho er baadi ei fager og snil Gjente; men ho er som inkje mot den eldre Syster Ragnhild; du skulde hava seet hena!"
 
−−"Hm! Herregud! Veit du ikki det daa? Ho var trulovad lengi med ein rik Gut heim i Bygdi, og det gjekk godt. Daa skulde du hava seet hena Ragnhild; det var so det liksom draup og lyste af hena; ho kvittrade som Fuglen, og der liksom grodde Gras der ho gjekk og stod; men so saag Guten Taket sit med ei rikare Gjente, elder kvat det no kunde vera; vist var det, at han gjekk burt og trulovade seg med ei onnor, som han ogso no er gift med. Det var stor Synd med hena Ragnhild dette. Er det ikki det styggaste, som til er, at ikki Gutarne skulle lata Gjenturne vera, naar dei ikki meina nokot med det?"
 
"Jau, det er sannt," svarade eg, "men korleides gjekk det med hena Ragnhild?"
 
"Aa, ho bar det, som ei klok Gjente, naar det ikki kann vera anderleides; ho vardt no meir stillfarande af seg, og sat stundom og sturde og stirde og saag framfyri seg, liksom ho skulde sjaa nokot, men so lest ho som aldri var. Men alt som det drog frametter Aari, so vardt ho bleikare og bleikare, ho, som hadde vorit so raudleitt! So var det ein Thorsdag her til Sæters, at ho fekk so brennande vondt i Hovudet. Ho lagde seg endaa der burt i denna Sængi, det verstnade og verstnade med hena, og so fingo me ikki Bod til Foreldri og Doktaren, fyrr um Sundagen, daa ho døydde, fyrr dei komo fram. Det var just paa denne Aarstid og ein Dag som idag. Er det ikki underleg med det? Herregud! me vita 'ki langt fram!"
 
Denne Forteljing sveiv for meg, daa eg hadde lagt meg og sløkt Ljoset. Her i denne Sæng hadde Ragnhild døytt; eg snudde meg mot Veggen for inkje at sjaa, og so høyrde eg, at Klokka paa Veggen pikkade, og at det singlade og song i ei Glasrute. Eg dytte meg ned i Klædom; men so høyrde eg eit Smell i Veggen. Tilslut fekk eg daa Magt yvir denne Rædsla, som enno siter i meg fraa slike gamle Forteljingar urn Draugar og Trollskap i min Barndom. Eg tok til Vitet og sagde: "Kom, kom reine sæle Aand, du kann inkje annat vilja enn godt". Eg bar i liksom at sovna og i Draumen totte eg, at eg song:
 
Kom Ragnhild kom, eg vil deg vel!
Du er so rein, du er so sæl.
Eg Guten din er ikki lik:
her skal du ikki finna Svik.
No er du løyst fraa alle Baand,
og det eg søker, er ei Aand.
Det, som du leid, eg veit med meg,
so eg, so eg kann hugga deg.
Her skal du finna Hjarta varmt.
Ajei, at Livet er so, armt:
Det Mønster, som me tenkte paa,
det faa, det faa me aldri sjaa;
og derfor Draumen, Draumen daa,
er det som leikar til og fraa.
 
−−−Den gjæve Aand som du seg svingar
fraa denne Verdsens Glam og Gny
som Skodd fraa Fjøll i runde Ringar
til Himils upp i Toresky.
 
Der kann den reine Luft me kjenna
og njota alle store Syn,
og ned paa arme Livet senda
til Lutring desse Glimt af Lyn.
 
Fraa denne Hægd der kann me rynja
og knusa Myrkrets Jøtunher,
og Sigersongi stolte syngja til Alt,
som Lygn i Livet er.
 
Kom reine Aand! ah! vil du bera
med meg eit Liv? gjev meg di Haand!
Naar me er eit daa skal me vera
tilsaman fyrst den gode Aand.
 
Eg høyrde liksom god Morgon! −Det var Anne med Kaffen, meir straalande enn um Kvelden. −Draum og Dikt og Kunst ero bleike og blodlause mot det fyrste Augnekast af Livet i si Sanning, naar me sjaa det i rette Laget.
 
Det var Regn den Dagen, og glad var eg, at eg med dette kunde have nokot at skulde paa, for eg ikki tok ut paa mi Fjøllvandring um Morgonen. Eg var med i Fjoset, som um Kvelden og løyste Buskapen og var Drivargut med upp igjenom Lidarne. Eg laut minna meg paa Bjøllur og altsaman.
 
Desse tjuge Aar, som laago imillom, fraa eg sjølv dreiv Buskapen slikt, dei vaaro burte. Daa Buskapen var komen til Beites, gjekk eg nedigjenom atter og saag med tilbake, der Kyrne gingo som kvite og dropplutte Snjoflekkir upp i Toka. So hogg eg Ved for Gjenturne, endaa der var so mykit god gamal Ved i Lad (Stabeier), at eg berre gjorde det for at syna, at eg var Karl. So var eg med at ysta og kjerna og sjoda Brim. Men so tok det ulykkelegvis til at letna i Vedret ut paa Ettermiddagen, og eg hadde liksom gjort meg gild med det, at mi Tid var kort, eg maatte daa tala um at koma dit og dit til Kvelds.
 
Eg vankad' um paa Sætrar vidt,
men Armod mest eg fann.
Um Sæterliv eg drøymde tidt,
men her er Draumen sann.
 
Eg Sætergjentur paa min Veg
saag fagre Aust og Vest.
Men sidst eg raakad' her paa deg,
og du og du er best.
 
Skinnfelden.
 
Skinnfelden er, som me Alle vita eit nationalt Plagg, og at han som alt Nationalt, ei Stund var i Vanvyrdnad, skal ikki forundra nokon Mann, likesolitit som at denne ærlege Skinnfeld vardt til eit Merkjesord paa alt det, som var raatt i Framferd, Tale, Dikting og onnor Kunst. Eg hever fyrr sagt dette sama, eg, Syndaren min, og meint, at det er Skinnfeldpoesi mange af vaare sokallade Diktarverk. Men no, daa eg hevet seet den Øysterdalske Skinnfelden, skal eg vara meg for at driva Spott med dette gjæve Plagg. Eg tenkte paa dei vestlendske Skinnfeldar, eg, som tidt ero so stive, at dei kunna standa upp med Veggen som ein Braudsleiv reint aa Egg elder som eit firkantat stort Bord, og naar dei daa attaat denne Stivleiken verda flekkesnaude liksom Reven um Vaaren, og naar dei daa endaa attaat alt dette ero smaae, at Føter og Bringe liggja berre, so det aaleine er som ei Fjøl paa Midten, so kunde det vel vera tilgjevande, um eg rødde um Skinnfeldpoesi.
 
I Øysterdalen derimot verdt Saudskinnet med den lange Ull so reintvegit og reidt og semskat, at det er det mjukaste og finaste Ein kann kjenna og sjaa paa; og Felden verdt gjord ikring fire Alnir lang og mest likso breid, so det er det mjukaste og varmaste Kvileplagg, Ein kann sveipa seg inn i. Naar eg som tidt i Øysterdalen hadde Valet imillom ei slik Sæng og Dynesængi, so valde eg at sova i Skinnfelden. Det var slike luvande Dukar og Lakan at sjaa desse Skinnfeldarne hanga i Klædesloftet, at eg vardt varm berre af at sjaa paa det, og eg gjekk inn pa Gardarnes Verkstadar, der Folk reidde slike Skinn og lutade ut og saumade, so at eg kunde læra Folk det sama, der eg foor, daa eg ogso veit Umgangsmaaten fraa mi Fødebygd, som er den sama paa Lag, berre dei ikki der gjera det so vel, og so hava ikki Folk Raad til at taka Skinni med Haustulli paa, men klyppa fjorten Dagars Tid fyrr dei slaatra, so der berre hever yddat [9] seg utatter nokot stutt Hy. Ned mot Christiansand og sume andre Stadar vestpaa er Haustulli med, men so er Skinnet so litit utlutat og semskat og reidt, at det er illt at liggja i. Naar Ein um Vetren i kalde Rumet legger seg ned i ei slik Sæng, so er det som at leggja seg i kalde Snjofonni, til det verdt varmt. I Thelemork er derimot eit Tjeld (vovit Ullteppe) næst Kroppen. I Gudbrandsdalen er ogso Skinnfelden god og det er med honom som med mangt annat slikt Husstell, at eg skal segja, kvar det er ifraa, um eg seer det paa Torget i Hovudstaden.
 
Te meg ein Skinnfeld, og eg trur, eg skal segja, kvat Bygdelag i Landet han er fraa!
 
Merkjelegt er det ellers, at i Øysterdalen og her paa Upplandet, der Skinnfelden er so reinsleg og velgjord, skal vera Skinnfeldar af Kalveskinn, som der sjeldan elder aldri er i Vestbygdarne. Naar Kalveskinnet og andre slike Skinn sleppa Haar, som dei altid gjera, so er det just inkje hugsamt Plagg, liksom heller ikki slike Haar ero so mjuke og gode som Ull. Naar der no er eit kvitt og eit svart og eit raudt og dropplutte Skinn i ein slik Skinnfeid, so seer han rett nokot villmannsleg ut. Det er denne gamle Klædebunad i Dyrebudir, som vaare fyrste Forfeder brukade; og vist er det, at der maatte vera ringare og gode Sængeklædi at faa for dei selde Skinn. Det er eit Villmannsvæsen dette heile Skinnfeldstell, naar der skal verda sagt, som det er til: for kjem der nokot Unaad i eit slikt Plagg, so er det mest raadlaust at faa Folkeskikk paa det atter, og dette er ogso det verste ved den beile Skinnfeldpoesi og Skinnfeldpolitikk, for me eiga ogso ein slik ein, som Alle maa vita, og det ein, som mannsterk er.
 
Notar:
Notane er i nettutgåva nummererte løpande.
1) Jarn uttalast som Jann elder Jadn, på dei fleste Stader som Jønn. Liksom Korn, Konn eldrer Kodn. Born, Bonn, Bodn osv.
 
2) at reka ut ein Ting sosom ein Gard er at bruka honom so, han Aar for Aar verdt verre.
 
3) Eg burde vel ikki tala nokot um Lammers no, etterat han hever vendt seg um, men han finner vel snart atter på slikt nokot. Og so er ber mange Lammers'ar; og eg maatte her taka dette store Exempel til Upplysning i alle disse Trubrigd, som øsa det arme uvitande folk upp Landet ikring. I det Throndheimske vil det visa seg fraa ei onnor Side af Livet enn her i Odalen, men likso illt for det.
 
4) brigda forandre (litit Gran) Trubrigd, Modificationer i Trui.
 
5) Flertal af Vatn. I ø'et uttalast med eit Millomljod af aa og ø. Soleides i mange neutra: Vatn, Votn. Fat, Fot. Gras, Gros. Slag, Slog. Lass, Loss. Barn, Born. Kast, Kost. Lag, Log osv.
 
[6] uttales Jar −liksom Jaren paa Klædi. Det gamle Jadar, no utskjemt til Jedderen er sama Navnet.
 
[7] den som vekkjer upp Bedlar. Det er no mest Gjenturne, som ero trulovade paa Skalkevis med ein Mann, for at hava som til at eitra upp Andre til at fri. Dette er Bedlevekkje.
 
[8] fjaag, glad.
 
[9] af Odd.
 

Frå Ferdaminni fraa sumaren 1860.Christiania: [s.n.]. 1861. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad.