Du får gjere det du

(Roman, 1977, utdrag)

Du får gjere det du
 
Sigrid og Kåre låg to-eine på blåkammerset. Dei vakna tidleg denne morgonen, og var i kleda før nokon annan på garden. Kåre var berre tre år, så Sigrid laut hjelpe han både med buksa og skorne. Dei fór så stilt dei kunne, men mor hørte dei likevel, ho kom i døra i berre nattkjolen og spurde kva det var. Dei ville berre ut og springe på berrflekkene! – og da lo mor, og gjekk og la seg att. Ja for mor lo no att, av ingen verdens ting lo ho!
            Nedi kjøkkenet var det berre klokka det var liv i. Og tunet var tomt og stille enno. Det var eit flatt og romsleg tun. Låven og fjøset gjerde det inn på to leier. Det var gamle hus, lange og låge, brunmåla med kvite vindskier. Det var langt – altfor langt, sa dei vaksne – tvers over tunet frå fjøset til hovudbygningen, som òg var lang og låg og brunmåla. Men stabburet, som låg i linje med låven, var splunkande nytt, og umåla enno.
            Sola skein raudt og uklårt på fjellet langt uti sør, og seig smått nedover åsryggene vestan Storelva. Men hit hadde ho ikkje nådd enno, enda garden låg høgt. Åset heitte han, fordi den vesle åa Hunna rann tett nedanfor tunet. Heile jordet var bakket,  så nær som i øvste enden der det møtte granskogen. Synst bratna det snøgt, heldt følgje med åa som laga foss i fallet, og her grodde det mest att med småbjørk.Det bjørkeholtet ville Jon hogge ned, hadde han sagt, endå så fint som det var. Men sjølvsagt var jordet større dersom det kom bort. Og jordetskullebli stort, sa Jon. Det var Jon som skulle ha denne garden.
            Nedi bygda sov visst alle folk enno, det rauk ikkje frå ein einaste av gardane utetter langs storelva. Men fuglane nedi bjørkeholtet var vakne for lenge sidan. Ja tru om dei nokon gong sov, i det heile? Dei song så lenge ein var vak om kvelden, og når ein vakna att om morgonen, dreiv dei på like eins. Like eins? å nei, dei song nok endå gladare om morgonen. Og i dag var det reint særskilt til glede på dei! Sigrid stupte kråke før ho visste ord av det. Og Kåre ville ikkje vere ringare, han stupte seg framover og sette nakken i bakken. Men han var så stutt i beina og så tung i sessen at han kom ikkje rundt, anna ho laut hjelpe han. Den skjøre nattgamle isen på vasspyttane i tunet singla og knast under dei.
            Stella kom jumpande ut av buret sitt under låvebrua, stod på to - bein mot dei og kvinka og smågøydde av glede. Stella var kvit med store brune flekker, og berre barnet enno. ”Ja kom, Stella, bli med oss!” dei løyste henne og sette av stad utover jordet. – Springe på berrflekkene? Heile jordet var snart ikkje anna enn ein einaste berrflekk!
”Kykeliky!” dei stana midt i spranget, lydde og lo: der var ein til som var vak! I fullt tan bar det heim til tunet att. Sigrid let opp hønsehusdøra og sleppte heile den kvite kaklande hønseflokken ut, og så var ho og Kåre innom bursvala og henta nevane fulle av korn som dei strødde ut i tunet. ”Tupp, tupp!” Og tuppene var ikkje seine om å komme. Dét var dei aldri når det var mat det gjaldt.
            ”Nei, no lyt vi binde deg att, Stella. Vi skal til fjøset, vi, ser du, og dit kan ikkje du bli med, du veit da det?” Jo, Stella visste nok det, men ho kvinka og klaga lell da dei batt henne att.
            Kyrne reiste seg i båsane og rauta da dei gjekk i døra. Så brå - tagde dei, og stirte mest olmt på dei som kom. ”Var det berrede?” sa auga deira. ”Vi er ikkjeberre, vi, ikkjei dag!” lo det i Sigrid, ho sprang til låven etter eit stort høyfange og skifte ut. Lise fekk bli så sint ho ville fordi kyrne fekk mat utanom måla. Elles var det no ikkje visst at Lise vart sint heller,i dag! –Klapp og god - ord fekk òg kyrne rikeleg av, og Kranselin mest av alle. For Kranselin var Jon si ku, og Jon kunne ikkje komme og klappe henne, han. Ikkjeenno!
           Frå stallen hørte dei kor Borka dunka i båsen og beit i krubba, og Sigrid laut innom henne med ein høytapp. ”Der har du til `n Anders kjem!”
            Utanfor stallen støytte dei så beint på Anders, han kom langande halvkledd frå drengestova og skulle gi hesten.
            ”Kjære, korleis kan det ha seg atdealt er oppe?” sa han, nett som han ikkje visste det!
            Dei kasta kvar sin neve grus på jentekammersglaset. Det syntes Kåre var veldig morosamt, så han ville drive på med det. Men Sigrid drog han med seg. No skulle dei til drengestova og vekkje Knut!
            Drengestova var ei eldgammal lita stove som låg utanom sjølve tunet, bortanfor fjøset. Ho hadde låge solbrune vegger, smårutete vindauge og torv på taket. Inne var det berre to rom. Det eine brukte godfar til snikkarverkstad, og i det andre budde Anders og Knut. Ein gong hadde det ikkje vore anna våningshus på garden. Men det var lenge sidan, over hundre år.
            Knut låg med teppet over hovudet og sprikte med dei store magre føtene sine oppå fotbrettet på senga. Han var nok ikkje meint å vakne på lenge enno. Men det hjelpte ikkje stort no! Rappe små fingrar drog teppet av han, rykte puta bort under hovudet hans, ruska han i håret, kitla han under fotsolane. ”Uff! Au!” han kom seg opp på olbogen og stirte forvilla på dei. ”Kor mange er klokka?”
            ”Ni!” sa Sigrid, og dermed sprang dei. No fekk nok Knut det annsamt. Og såvarho berre fem!
            No skein sola over heile garden. Fuglane song visst enda villare enn i stad. Åa susa og skvala nedanfor tunet. Og over all annan låt dunde fossen. Dei såg han ikkje herifrå, men han var her lell. Inne i kvar krok i kvart hus nådde han, og her ute hørtes og kjendest han så ein tykte at både jord og luft dirra. Og hør, inn i fosseduren blanda det seg ei anna mæle, ei trygg og djup og godlynt murring: kverna! Kverna hørte til garden, det var godfar som styrte der. Men når gutane vart store, skulle kverna skiljast ut, sa godfar. Kåre skulle få henne. ”Jon får garden og Kåre kverna, - enn eg da?” hadde Sigrid spurt ein gong. ”Du? Ja du får finne deg noko sjølv,” hadde godfar sagt, og smilt til henne. Ja vel, ho skulle finne seg noko sjølv. Ho visste alt om noko - !
”Skal vi springe ned på kverna?”
            ”Ja, kverna, Olav!” ropte Kåre, han haka seg fast i kjolen hennar, for han visste at no kom det til å gå fort.
            Inni i bjørkeholtet  surra og flaksa det alle stadar kring dei. Det vippa fuglar i kvart tre, det måtte da visst vere eit nebb for kvar knupp, slik jubla og skvatra og peip det her inne!
            ”Veit du kvifor fuglane syng, Kåre?” ”Nei.” ”Fordi dei er glade, vel! Erduglad, Kåre?” Jo, Kåre var glad. ”Kvifor det, da?” ”Veit ikkje,” sa Kåre, han hadde ikkje betre vett. Ho laut nok setje han på glid: ”Veit du kviforeger glad?” Og no vart ho reint høgtideleg: ”Eg er glad fordi Jon skal bli frisk att!” ”Eg òg!” sa Kåre straks, verre var han da ikkje.
 

Frå Halldis Moren Vesaas: Du får gjere det du. Det Norske Samlaget 1977. Side 5-9.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.