Innsirkling I

Til David frå Jon

Vemundvik, 19. juli, 2006

Berre ein månads tid etter at Berit døydde, fekk du nok av å vere i same hus som Arvid, og du flytta inn hos Silje og Oddrun, der du kunne fa bo fram til studia begynte i september.
Det hadde skore seg nesten med ein gong mellom deg og Arvid. Han hadde begynt å ordne alt det praktiske ved gravferda allereie dagen etter at Berit døydde, men til alle si store forbausing insisterte du plutseleg på at gravferda skulle vere borgarleg, noko som først fekk Arvid til å synest synd i deg fordi han trudde du var i ein eller annan form for sjokk, men som berre kort tid etterpå gjorde han så rasande og frustrert at han med meg som livredd tilskodar mista den besinnelsa han var så kjent for og skreik ut at du ikkje eigde skam i livet, at du hadde vore sjalu frå første dagen han og Berit hadde møttest og at dette var berre enda eit eksempelpå kor langt du var villig til å gå for å straffe han for å ha tatt frå deg mor di. Vi stod inne på kjøkkenet heime hos dykk, og eg hugsar det stod ein liten dusj av spytt ut av munnen hans da han bøygde seg heilt opp i fjeset på deg og ropte at du var ein stor egoist som aldri hadde unna han og Berit å vere lykkelege saman. Du prøvde vere like kald og roleg som alltid, men du skalv av sinne da du sa at Arvid aldri hadde kjent Berit, ho hadde prøvd hardt å bli den kvinna ho trudde at Arvid ville ha, men ho hadde aldri greidd det, og ikkje lenge før ho døydde hadde ho brote saman framfor deg og sagt at ho kjente seg som ein framand i sitt eiga liv, sa du. Ho var ikkje religiøs, ho kunne ikkje fordra det kristne miljøet ho hadde vorte ein del av, og ho hadde sagt rett ut at ho vurderte å forlate Arvid og flytte for seg sjølv. Med blanke auge og dirrande stemme sa du at du hata deg sjølv fordi du ikkje hadde stilt opp for henne akkurat da, du hadde berre sagt at dette måtte ho finne ut av på eiga hand, og så hadde du late henne forstå at du ikkje ville høre meir. Å gi henne ei gravferd som passa til den ho verkeleg hadde vore, var det minste du kunne gjere.
Arvid trudde ikkje eit ord av det du sa, han var overtydd om at du berre var ute etter å straffe han, og når han stod like steilt på sitt som du på ditt, var det ikkje anna å gjere enn å arrangere to ulike seremoniar, først ein kyrkjeleg seremoni inne i sjukehus-kapellet den eine dagen, og så ein borgarleg seremoni inne i samfunnshuset den neste.
Sjølv om det var berre ein månad eller to til du skulle flytte til Trondheim for å studere, var det utenkeleg for deg å bli buande etter dette, og både du og Arvid var letta da du fekk tilbod om å flytte inn hos Silje og Oddrun.

Eg skjønte ikkje heilt kvifor på det tidspunktet, men eg følte meg stadig meir utilpass når eg var heime hos Silje og Oddrun. Eg vart ofte irritert, ja sur når eg var saman med dei, og ettersom det var den arrogansen eg tidlegare hadde sett slik opp til og misunnt dei som irriterte meg, vart eg forvirra over mine eigne kjensler. Eg sa til deg at eg syntest dei hadde endra seg, at dei hadde gått frå å vere sjølvsikre til å bli sjølvgode, nedlatande og fulle av forakt, men no i dag ser eg at det faktisk var eg som hadde endra meg.
I løpet av det siste halvåret av gymnaset hadde det nemlegskjedd noko som gjorde meg i stand til å innsjå ting eg hadde registrert, men ikkje tenkt skikkeleg over før. Plutseleg stod det klart for meg at det var like eksotisk for Silje å komme heim til meg som det var for meg å vere heime hos henne, og ut frå ting som Oddrun sa til meg, gjekk det opp for meg at Silje fortalde henne historier om korleis eg og mamma og Eskil hadde det heime, at dei snakka om fjernsynet som stod på enten det var noko vi skulle sjå på eller ikkje, at dei snakka om ketchupflaska som stod på bordet same kva slags mat som vart servert, om måten eg og mamma og Eskil kommuniserte med kvarandre på, og om den overmøblerte stua med all nipsen og familiebileta og dei smaklause gardinene med gullfarga sløyfer rundt. Ein gong eg kom med nokre veslevaksne og ganske sikkert innøvde synspunkt på kva som gjorde Kieslowski til ein god regissør, hugsar eg at Oddrun smilte anerkjennande og som hadde vokse opp i ein heim utan bøker, noko som for sa vidt var sant nok, vi hadde kun tre utgåver av «Det hendte» og nokre fleire utgåver av «Nordiske kriminalkrønike» i bokhylla, men det kunne ikkje Oddrun vete utan at Silje hadde fortald henne det, og forresten syntest eg ikkje ho hadde nokon som helst rett til å påpeike det overfor meg heller. Eg opplevde det som sårande på mamma sine vegner, og det var vondt, spesielt no som mamma var så sjuk og nede som ho var.
Og sannsynlegvis var det nettopp det som fekk meg til å reagere med stadig større motvilje på den arrogansen eg tidlegare hadde freista etterlikne og tileigne meg også. At Oddrun rista oppgitt på hovudet over at namsosingar flest ikkje forsynte seg av all den fine matsoppen som voks like utanfor stuedøra, men berre lét han stå og rotne, at Silje kjøpte «Gråtende Gutt» og hengte opp inne i stua, slik at mor hennar skulle fa seg ein god latter når ho kom heim, at ho snakka om yrkesskolen som om det var ein anstalt og om dei som sat i kassa på Domus som om dei var tilbakeståande, slike ting opplevde eg plutseleg som angrep på mamma.
Men samtidig gjekk eg sjølv rundt og bar nag til mamma på denne tida. Ho spurte aldri rett ut om eg kunne vere heime og hjelpe henne, men jo meir tid eg brukte på henne og på arbeidet i huset, jo meir avhengig vart ho av meg, og etter kvart merka eg på henne at ho forventa at eg skulle stille opp, og det igjen fylte meg med eit sinne eg aldri greidde uttrykke skikkeleg og som eg ikkje visste heilt kor eg skulle gjere av. Eg kunne ta meg i å hate henne når ho låg på sofaen og såg påfemsyn, mens eg stabla ved eller vaska koppar, og det var stunder der eg sa til meg sjølv at venninnene hennar hadde rett i at ho dyrka si eiga liding, at ho tilbad sjukdommen sin og nytta ojferposisjonen han stilte henne i til å bestemme over både meg og andre som stod henne nar. Men det tok aldri lang tid før denne bitterheita og sinnet vart avløyst av dårleg samvit, og dette, i tillegg til at eg aldri protesterte når Silje og Oddrun latterleggjorde det ho stod for og det miljøet ho kom ifrå, gjorde at eg gjekk rundt med ei bortimot konstant kjensle av å svikte henne.
Det at eg sjølv hadde vore så ivrig etter å latterleggjere og distansere meg frå småby folket og småby livet, gjorde det naturlegvis ekstra vanskeleg å seie dei imot. Eg ante kanskje at det var ein forskjell mellom den forakta eg og du viste overfor Namsos og namsosingar og den forakta som Silje og mor hennar viste, men det var ikkje før seinare eg forstod at vår forakt var ein form for sjølvforsvar. Mens Silje og Oddrun latterleggjorde Namsos fordi deifaktisk trudde seg overlegne namsosinganepå omrent alle område der dei meinte det var verdt å vere overlegne, var vår forakt eit svar på den forakta vi meinte vi vart møtt med i det vesle bysamfunnet. Vi var berre to usikre tenåringar som prøvde å bli trygge på at vi var verdt noko sjølv om vi skilte oss ut, og vi gjorde det ved å rakke ned på dei vi meinte rakka ned på oss.
Etter kvart som avstanden mellom meg og Silje voks, såg eg tydelegare kor krypande eg hadde vore overfor henne og Oddrun, og kor krypande dufortsatt var. Eg hugsar ein gong vi var heime hos Silje samtidig som det var to handverkarar der. Dei skulle skrape, vaske og male huset, og mora til Silje lét dei aldri i fred, ho pirka på alt mellom himmel og jord og var så nedlatande og belærande at til og med Silje såg ut til å blir brydd. Det vart derimot ikkje du. Når handverkarane stod med ryggen til, la eg tydeleg merke til korleis du såg bort på mor hennar og løfta oppgitt på augebryna, som og du og ho var naturlege våpenbrør blant slike tomsingar.
Enda verre var det da vi møtte ein gamal klassekompis av meg på vegen, og vi lét han bli med oss heim til Silje, der vi skulle spele Trivial Persuit. Silje sa ikkje noko da han ikkje kunne svare på kven som gjekk under kallenamnet Ørkenreven under andre verdskrig, og heller ikkje da han ikkje visste kva for eit berømt diktarnamn ein forbandt med Globe Theatre, men det fortsette på same vis, og sukka til Silje vart litt tyngre for kvart pass han kom med. Det einaste han greidde svare på, var eit spørsmål som dreidde seg om ein skodespelar i «Politiskolen II», men forvirrande nok for han, var dette eit spørsmål ein ikkje burde kunne svare på i vårt miljø, og da Silje begynte å le, trudde han sannsynlegvis ho tenkte på ein eller annan scene i filmen, og dermed begynte han også å le. Først da han såg det medlidande ansiktsuttrykket mitt, forstod han at Silje lo av noko heilt anna enn det han gjorde, og sjølv om han vart sitjande litt til for syns skuld, var det der og da han forstod at han ikkje var velkommen. «Kan de gjere meg den tenesta å aldri ta med den gjøken hit igjen?» sa Silje da han hadde gått, og til mi store skuffing hugsar eg at du begynte å unnskylde deg. Du, som eg ein gong hadde sett på som det modigste mennesket i verda, den som alltid sa ifrå når nokon vart urettferdig behandla, ikkje berre lét du vere å forsvare han, men du bad om unnskyldning for at vi hadde tatt han med. Det var ikkje noko vi hadde ønska, sa du, vi hadde freista hinte frampå om at han ikkje var velkommen, men han hadde trengt seg på likevel, noko som rett nok var sant, men det gorde ikkje saken betre.
Når eg såg på deg, såg eg korleis eg sjølv hadde vore for berre kort tid sidan, og det gorde kanskje at eg fekk enda større avsmak for den slags oppførsel enn eg elles ville ha gjort, eg veit ikkje. Eg hugsar i alle fall kor sur eg var, eg hugsar kjensla av liksom å gli inn i eit bittert humør og av ikkje å komme meg ut igjen. Eg ville jo så gjerne, eg ville ikkje miste det vi hadde saman, og eg freista skjerpe meg og vere den eg alltid hadde vore, men det gjekk ikkje, og eg vart stadig stillare når vi var heime hos deg og Silje, eg mista entusiasmen og makta ikkje glede meg over ting eg hadde gleda meg over tidlegare, eg vart treg og tung å dra i gang, og mens du og Silje var like entusiastiske som tidlegare og ville ha meg med på det eine prosjektet etter det andre, var eg negativ og påtatt uinteressert. Eg kunne sitje i ein stol og gjespe og demonstrere, og om de spurte kva eg meinte eller syntest om ein tekst eller eit kunstprosjekt de hadde laga eller planla å lage, sa eg berre hm og lét som om eg ikkje hadde følgt med.

 

_________________________________________________________________

Frå Carl Frode Tiller: Innsirkling I. Aschehoug 2007. Side 96-100.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2019.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_________________________________________________________________