Naar David slo harpa

(Salme, 1927)

 

Av Jørund Telnes
Tone: No koma Guds englar

 
Naar David slo harpa, daa var han so sæl,
Og Saul, han av songen fekk lisa.
Gud gjeve og unne meg det var so vel
Eg Herren av hjarta fekk prisa,
So folket med meg
Det kjende paa seg:
D' er godt kveda Herren ei visa.

 

I fedrane stova naar kvelden var lang,
Daa livde vel song inn med aaren,
Og fagert og hjartleg i gleda og trong
Dei song liksom fuglen um vaaren.
Daa lova dei Krist;
Det grønkast paa kvist,
Og songen av Anden var boren.

 

Gud give eg kunde paa fedrane maal
Den heilage songen faa kveda,
So det kunde kjennast i hjarta og saal,
Og varmt vaare tonar fekk beda;
Daa vart det vel kor
Naar harpa her nord
Fekk tolka den reinaste gleda.

 

Me stundar paa kvitsunn, den venaste tid,
Daa veret skal yver oss susa.
Daa fuglen skal syngja so fagert i lid,
Daa harpa for Herren skal brusa
Med fagraste ljod,
Med tungor som glod,
Og bjørkelauv kyrkja skal krusa.

 

Enn sit me i snø og i sludd under fjell,
Men vaaren skal greinene rista.
Um ikkje det hender fyrr eg er i mold,
Eg gleda meg skal i mi kista
Naar Guds-songen ny
Seg lyfter i sky,
Og kvitsunn-lauv sprett uppaa kviste.