Når som Noreg

(Dikt, 1890)

Av Jørund Telnes
 
Når som Noreg i sølvkåpa glimar,
då på føtene spenner vi ski.
Opp frå dalen i flokkar vi stimar,
og så møtest vi gutar i li.
Der det gjeld vera hard,
der det gjeld vera kar,
der det gjeld vera søner åt far.
 
Og om istapp i trøya seg støyper,
stender kinni i friskaste glo.
Ned frå ufser og nutar vi løyper,
så vi stend i ein røyk utav snjo.
Og så gjer vi eit hopp,
og med ski og med kropp
flyg vi opp, så det sjogar i topp.
 
Men om guten skull’ treffa til rulle,
han på nytt legger til like radt.
Han ler seinst, han ler best, han som skulle,
når han syner han stend der han datt.
Å, slikt laug som han fekk!
Men så godt som det gjekk!
Gjennom lufti der stod som ein sprekk!
 
Lat i snøen seg småguten døypa,
så han syner, når karen vert stor:
”Unge Hemingen” enno kan løypa!
Lat oss kveda hans vise i nord!
Han fær mod i sitt flug,
han vert frisk i sin hug,
og hans lunge mot sotti vert drjug.
 
Når dei gamle lét herpilen’ skjera,
ja då møtte vel gutane kvast,
for skii så godt deim kunn’ bera
der fienden i snøen stod fast.
Lat oss løypa på ski!
Lat oss skyta oss fri!
Lat oss elska vårt Noreg all vår tid!
  

Første gong trykt i Netar, 1890. Melodi: M. M. Ulfrstad. Kjelde: Songbok for ungdom, 1980. Side 308. Elektronisk utgåve 2007 ved Nynorsk kultursentrum.