I Holbergs Ti

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes

 
I Holbergs Ti daa rima mange,
So Veri vilde under gange,
Og no ei Ti daa var dæ slikt,
At Veri livde bar' av Dikt.

Ja nyleg Visur fælt dei rosa;
Men no dæ slær seg alt i Prosa,
For rime laut ein væl bli lei;
Tenk seta Kjeften slik paa Snei!

No kann du faa ein Mann te gapa,
So han kann meste Pusten tapa;
Naar han eit Rim fær lesa paa,
Han gjespar høgt, dæ skal du sjaa.

Og derfor ser du ingen Diktar,
Som no paa Verseføtar riktar;
Men eg skriv Rim, og godt eg lær,
For daa eg Folk te gapa fær.

[Innleiing til samlinga Netar, 1892]


Frå Netar. Fraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad