Karl Straume

Karl Olav Straume var kunstnar, lyrikar og museumsmann. Straume formann i styret for Aasen-museet frå 1945 til 1967.

 

Karl Straume
Karl Straume

 Karl Olav Straume (fødd Straume) (1877 – 1968), tvillingbror til Rasmus Straume, var fødd i Hovdebygda i Ørsta, og budde der. Han gjekk lærarskulen i Volda i 1895 – 97, og tok seinare ei omfattande kunstutdanning i Oslo og Paris.
Han gjekk mellom anna på Kunstakademiet under Christian Krohg og Halfdan Strøm (1910 – 13) og sei- nare på Academie Moderne i Paris.

I vår samanheng er Straume viktig som kunstnaren bak fanene til Engeset og Fylling Ungdomslag frå 1917 og Hovdebygda Ul. frå ca. 1930 ( Begge Sunnmøre). Dei to fanene er svært ulike. Medan den første har vekt på landskapsskildring frå Engesetdalen, har den siste eit typisk nasjonalt fanemotiv – kvinne i bunad, med flagg og riksvåpen i hendene. Avstanden i tid kan kanskje forklara skilnaden.
Karl Olav Straume var medstiftar av Møre Kunstlag, og leia dette laget i perioden 1931 – 46. Han var også initiativtakar til Sunnmøre museum, og med i komiteen for Ivar Aasen-monumentet i Ørsta. Han var leiar for styret i Aasen-museet i perioden 1946 – 67.

I tillegg til oljemåleri arbeidde Straume med tresnitt og laga dessutan teikningar til biletvev. Han var også ein aktiv lyrikar, og gav ut diktsamlinga Lilja i dalen i 1967.

Frå Liv Marit Idsø: "Karl Straume", Allkunne.no, sist oppdatert 27.1.2016 [lesedato 5.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.