Rasmus Olai Steinsvik

Rasmus Steinsvik, redaktør, forfattar og nynorskforkjempar. Han redigerte fleire blad på nynorsk (landsmål). Det viktigaste var Den 17de Mai, der han var redaktør i nær 20 år.

Rasmus Olai Steinsvik
Rasmus Steinsvik

Rasmus Steinsvik var fødd 22. september 1863 i Dalsfjorden i noverande Volda kommune på Sunnmøre og døydde 22. juni 1913 i Kristiania. Han er far til redaktør Kjell Steinsvik i Romsdals Budstikke og farfar til industrimannen Kjell Rasmus Steinsvik, kjend for utviklinga av Blaafarveværket på Modum til kultursenter.
Steinsvik tok examen artium i Kristiania i 1885. Han vende deretter tilbake til Volda, og i 1887 starta han bladet Vestmannen, den første lokalavisa i Noreg på landsmål. To år seinare drog han til Tynset og blei redaktør i Fedraheimen, eit målblad som var grunnlagt i 1877 av Arne Garborg. Både i Vestmannen og Fedraheimen blei Steinsvik for radikal for lesarane sine. Fedraheimen blei etter kvart eit reint anarkistorgan. Det siste ordinære nummeret i 1891 var jamvel trykt på raudt papir.
Etter korte periodar i Fjeld-Ljom på Røros og Firda i Bergen var Steinsvik i 1893 klar for eit nytt stort avisprosjekt. Saman med Arne Garborg tok han initiativet til eit riksdekkjande blad på landsmål, Den 17de Mai. Steinsvik samla sjølv inn startkapitalen på 7000 kroner.
I 1897 slo både Garborg og Steinsvik seg ned på Labråten på Hvalstad i Asker. Om lag samstundes slutta Garborg som medredaktør. Steinsvik dreiv Den 17de Mai vidare fram til å bli ei av dei leiande avisene i Noreg. Opplaget i 1911 var på om lag 15 000, noko som plasserer Den 17de Mai blant dei fem–seks største i landet. Ingen andre aviser hadde så stor geografisk utbreiing, og inga rein nynorskavis har hatt større opplag.

Ein moderne bladmann
Sjølv om Arne Garborg var viktig for å gi Den 17de Mai tyngd og autoritet, var det først og fremst Rasmus Steinsvik si forteneste at avisa blei ein suksess.

Steinsvik blir av fleire samtidige skildra som ein stillsleg mann, liten av vekst, tynn og bleik. «Det mest smålåtne og elskverdige menneske ein kunne koma saman med», skreiv forfattaren og sambygdingen Anders Vassbotn. Samstundes var han uthaldande og viljesterk, og han veik ikkje tilbake for strid når han meinte det var nødvendig. «Rasmus er altid lidt hissig og vil ha alt klart og greitt og efter en sikker ret linje», noterte Hulda Garborg i dagboka si i 1905.

For Den 17de Mai var det likevel avgjerande at Steinsvik var ein profesjonell og moderne avismann. Han ville lage ei allsidig nyhendesavis – på målet, men ikkje om målet. Kampen for landsmålet var ei viktig drivkraft for Steinsvik, men han passa på at bladet ikkje blei dominert av lange måldebattar. Den 17de Mai var tidleg ute med nye journalistiske sjangrar. Avisa dekte den store bybrannen i Ålesund i 1904 med levande reportasjar, og i 1912 blei Titanic-forliset illustrert med bilete av ei stor folkemengd, under tittelen «So mange, 1635 menneskje, kom det burt under Titanic-ulukka». Det skal vere første gongen i norsk pressehistorie at fotografiet blei brukt som sjølvstendig journalistisk verkemiddel.

Alt i det første nummeret blei det varsla at Den 17de Mai skulle skrive om sport – gjennom eit dikt av Arne Garborg der han hylla idrettsungdomen som «den norske framtid». Den 17de Mai brukte også mykje plass på utanriksstoff, i mange år redigert av seinare professor og utanriksminister Halvdan Koht. Steinsvik rekrutterte mange av dei beste pennane blant nynorskfolket som medarbeidarar.

Men mest skreiv han sjølv. Historikaren Ole Dalhaug har talt opp heile 12 044 artiklar frå hans hand i åra 1894–1907.

Kamp for republikk
Politisk modererte Steinsvik seg i høve til anarkismen i Fedraheim-tida. «Ungdomssyndene hans vart tilgjevne», skreiv Garborg seinare. I staden kom han til å stå for eit samfunnssyn som på mange måtar var i pakt med framtida i åra rundt 1900, med ståstad i den radikale delen av Venstre og med sympati for den framveksande arbeidarrørsla. Steinsvik støtta samvirketiltak, arbeidarvern og nasjonal kontroll over fossefall og andre naturressursar. Han var teknologioptimist og open for det nye i kulturlivet.
Steinsvik og Den 17de Mai var sterke forkjemparar for oppløysing av unionen med Sverige. Men då Steinsvik ville gå lenger og gjere det nye Noreg til republikk, var ikkje folket med. Dagen etter at fleirtalet hadde sagt ja til kongedøme i folkerøystinga i 1905, konstaterte Steinsvik kort: «Me tapte.»

Askerkrinsen
I 1896 gifta Steinsvik seg med Marta Tonstad frå Flekkefjord, som seinare skulle bli forfattar, teolog og omstridd samfunnsdebattant. Ho var også ein viktig medarbeidar i Den 17de Mai, ikkje minst som omsetjar. I 1897 kjøpte dei ein gard på Labråten i Asker saman med ektepara Hulda og Arne Garborg og Karen og Ivar Mortensson. Dette miljøet, ofte kalla Askerkrinsen, trekte til seg ei rekkje framståande kulturpersonlegdomar innanfor målrørsla. Viktige nynorske prosjekt blei tenkte ut og arbeidde fram herifrå, fremst av alle Det Norske Teatret.

Slitet med Den 17de Mai tok etter kvart på helsa til Steinsvik. I tillegg tok ekteskapet til å skrante. 1911 blei ekteparet separert. Sommaren 1913 blei Rasmus Steinsvik innlagd på sjukehus for ein operasjon, men stod det ikkje over. «Det er det tyngste tap me no kunde lide», skreiv Arne Garborg i dagboka si. Den 17de Mai blei aldri den same utan Rasmus Steinsvik.

Frå Tom Hetland: "Rasmus Steinsvik", Allkunne.no, sist oppdatert 2.8.2015 [lesedato 5.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

Ivar Mortensson-Egnund: Ein ven burte (1923)
Olav Aukrust: Rasmus Steinsvik (1931)
Jostein Nerbøvik: Rasmus Steinsvik (1984)