Norsk stil til studenteksamen

(Artiklar, 1900, 1910)

Av Rasmus Steinsvik

24. november 1900

I tvo-tri mansaldrar hev det no vore arbeidt paa aa faa landsens gamle maal upp - ikkje til sin gamle rett og vyrdnad, men til likestilling med det inførde maalet.

Me er likevæl ikkje komne lenger, en at ein etter skuleloven av 1896 kan faa lov til aa skriva sin norske artiumstil paa landsmaal, dersom ein ataat er fullgod i dansk. Alle hev pligt paa seg til aa læra "riksmaalet". Ingen hev pligt paa seg til aa læra landsmaalet. Men er ein kar um aa læra seg det sjølv, so kan ein faa lov aa bruka det.

Ein skulde tru dette var eit rimelegt krav ifraa maalmennene si side. Og ein skulde tru det var nokso skuldlaust. Naar ein veit, at her ikkje bid eit einaste gymnasium i heile landet der dei underviser i landsmaal langt mindre driv undervisning paa landsmaal, so skynar ein, at det berre vert ein og annan av dei heilaste og sterkaste bondegutane som kjem til aa bruka den retten der no vert til aa bruka morsmaalet sitt.



16. april 1910
 

Dersom -

Odelstinget skal idag ta upp til avgjerdsla kravet fraa riksmaalsforeningen um, at lovi um artiumsstilen skal gjerast umatt fyrr ho er prøvd.

Naar eit slikt krav melder seg, skulde ein tru, at denne lovi um stilen var eit hastverksarbeid. Elder at det var som Bjørnson ofte hev sagt: ho vart narra inn paa folk.

Korkje det eine elder det andre er tilfelle. Denne lovi er ein led i ei kjede av lovvedtak som ein jamn og roleg vokster hev tvinga fram.

I 1878 slo stortinget fast med stort fleirtal, at folkemaalet skal vera grunnlaget for den muntlege undervisning i folkeskulen. Det var eit naudrop fraa lærarane som fekk stortinget til aa ta dette stiget. I 1885 slo stortinget med stort fleirtal fast den rettslege likestilling. Baae-maal skulde ha same rettsgyllige kraft. Attaat tok riksmagtene til aa løyve pengar til maalskeid; ein maatte faa lærarar som kunde folkemaalet so ein ikkje vart uppraad naar kravet fraa folket melde seg.

I 1892 kom maalparagrafen inn i skulelovi. Skulestyret skulde ha rett til aa avgjera kva maal som skal vera hovudmaal i folkeskulen. Dermed var saki lagd i henderne paa sjølve folket.

Det som sidan kom fylgde av seg sjølv. Kan folket velja skulemaalet, so maa ein ha lærarar som magtar baae maal. Lærarskulelovi vart forma deretter.

Kunde ein stogga der? Nei.

Skulelovi av 1892 førde vidare. Hev ei bygd, ei sokn, gjort nynorsken til hovudmaal, so all ungdomen fær si upplæring i dette, vil denne bygdi um ei tid krevja embættsmenn som kan dette same maalet.

Dei vil ikkje paa lengdi finna seg i aa ha prestar som spør lesarbonni paa dansk, naar desse hev fenge upplæringi paa norsk. Dei vil krevja, at presten talar til bonni paa det maalet dei hev lært i skulen. Og dei vil krevja at presten preikar paa dette same maalet.

Med dei andre embættsmennene likeeins. Naar heradstyre, skulestyre, fatigstyre og alle andre styre i bygdi brukar norsk, vil det falla for tungt aa ha ein sorenskrivar som berre kan dansk. Dei vil ikkje finna seg i aa ha ein skrivar som treng tolk.

Dette er so klaart at ingen riksmaalsmann med vyrdnad for folket og folkeviljen vaagar aa negte det. Sume hev daa som "Verdens Gang" set seg nøyd til aa godkjenne stilen. Fraa ein annan kant vert det sagt, at embettsmennene nok maa kunne norsk folkemaal (som dei lettast lærer gjenom landsmaalet) det er greidt. Men studentskulen er for andre en embættsmenn. Og desse andre maa sleppe den byrda det fylgjer med aa lære eit maal til.

Men desse ser paa maaltilstandet som det er idag. Ikkje paa kor det vil vera um 20 aar. Dei som gjeng inn paa studentskulen idag, dei faar lite aa gjera med det maaltilstand som er idag. Deira livsgjerning er i si bløming fyrst um 15-20 aar.

Um Folk flest ikkje kan tenkja so langt - riksmagtene maa tenkja so lang, naar dei skal gi lover for ungdomsskulen. Me er ikkje i tvil um utfallet av denne sak i odelstinget.

Lovene vil staa og riksmagtene vil vita aa hevde dei.

Baae maal kan og vil trivast side um side. Riksmaalet er i uppløysing. Elder um ein helder vil: Det stend i si føding. Det er so vidt kome til verdi. Enno er navlestrengen med moderlandet der; men han sjuknar og tornar for kvart aar. Ein vakker dag er han avhoggen.

Nyfødingen lyt daa greie seg sjølv best han kan; ta næring der han kan finne henne. Kva er daa naturlegare en at mor Norig opnar kjeldune sine for han. Og at han fyrst og fremst søkjer dit etter den styrkjedrykk han treng?


Opphavleg prenta i Den 17de Mai. Her henta frå Rasmus Steinsvik. Utvalde skrifter. Band III. Utgjeve ved Steinar Steinsvik. Risør: Erik Gunleikson, 1922. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad