Johan Gutenberg

(Artikkel,1920)

Av Rasmus Steinsvik

"Av alt det gode me har i vår tid, er det ingen ting me burde vera så takksame for som den lette tilgang til bøker," skriv ein engelsk bokmann. Og for to hundre år sia skreiv bispen av Durham: "Bøkene er læremeistrar som rettleier oss uta ris og uta vondord og mest uta pengar. Spør du, så 1øyner dei ingen ting; mistyder du dei, så murrar dei aldri; er du fåvis, så lær dei ikkje åt deg." Ein annan god mann seier at den som elskar bøker vil ikkje sakne ein trufast venn, ein god rådgjevar, ein rik trøystar. "Boka åt ein vismann er meir verd enn livet åt ein dåre, og vismannen sitt blekk er kostelegare enn blodet åt ein martyr," seier eit arabisk ordtøke.

Den engelske sogeskrivaren Macaulay, som var rik og hadde alt han ynskte seg, visste ikkje av noko så hugnadleg som bøker.

Bøkene har til dessar mykje vore luksusvare for rikfolk. Men like vel har bøkene gjort mykje til å hjelpe småfolket op. Og meir og meir får alle godt av bøkene, og dei kan gi alle herlege stunder. Me gleder oss kvar gong det kjem ei bok frå ein av dei som kan opne nye tankevidder for oss og glør upp kjenslelivet vårt.

Me kan tala med dei avlidne. Me kan høyre visdomsorda frå Sokrates og Buddha. Me kan fylgje Jesus på hans ferder millom sjuke og syndeslitne, med helsebot og von til alle søkjande.

Eller me kan fylgje Vinje på hans kåte ferd i tankeheim og jordheim, lauge oss med han i fossande elvar, gråte med han når hans mjuke strenger skjelv.

Me kan vera med Newton i hans svimrande utrekningar. Me kan fylgje Darwin og Kant på deira tankeferder. Me kan reise med Kolombus og finne Amerika, og me kan reise med Nansen og Roald Amundsen på Grønlands-ferder og polferder.

Men alt dette kunde me ikkjc derssom me ikkje hadde bøker. Og bøker kunde me ikkje nå i, folk flest då, dersom ikkje boktrykkjarkunsten var.

For 450 år sia fanst det inga trykt bok. Men folk var langt komne i skriving og utskjering. Dei hadde handskrivne biblar med mange gilde teikningar i, men berre rikfolk hadde råd til å kjøpe ei slik bok. Teikningane var skorne i tre, og kunde såleis brukast åt fleire biblar. Litt om senn tok dei til å skjere ut bokstavar òg, til tekst under kvar teikning om kva biletet skulde tyde. Men desse bokstavane var utskorne i eitt og same stykke, so dei kunde ikkje brukast til andre tekster; for kvar ny tekst laut det nye utskjeringar til. Det galdt om å få bokstavane lause, så dei kunde setjast om kvarandre og såleis brukast uppatt til nye tekster. Det var det Gutenberg gjorde.

Han er fødd i Mainz ved Rin for vel halvfemte hundre år sia. Han var av adelsætt, og laut røma frå fødebyen sin, då der vart trette standa millom om æreplassen på landsens årlege testar. Han for frå by til by og vitja framifrå tolk. Sistpå kom han til Holland. Der vakna tanken om bokprenting hjå han.

Han reiste attende til Strassborg, og med mykje strev og møde fekk han då til typer av tre og sette dei saman til ord, som han prenta av. Kunsten var funnen.

Gutenberg skyna vel kva vidd og vekt arbeidet hans vilde få. Men sjølv var han pengelaus og måtte beda andre om hjelp, skulde det verta til noko. Sjølve kunsten prøvde han å løyne i lengste laget, for di han var redd einkvan vilde taka æra frå han. Men adelsfolket i Strassborg var for fine på det til å vilja hjelpe. Han laut taka på med grovarbeid til å livnære seg, og gjorde så samlag med to rike borgarar. Dei studde han med pengar, og dei fekk til ein verkstad for kunstarbeid. Men uppfinninga fekk dei ikkje tak i. I 1øyndom streva han med sine trebokstavar og ei pressegreie til å trykkje med. Til slutt mura han seg inn i eit gamalt kloster, og nøytte alle fristunder og ofte halve netter på kunsten sin. Folk fekk tak i dette og tok til å skulde han for trollskap. Men han vyrde ikkje folkesnakk. Han dreiv på, dag og natt, til fyrste prenteverket var ferdigt.

Han tok til å trykkje Bibelen. Men langt kom han ikkje før han var pengelaus. I si naud laut han opendage kunsten for kameratane sine. Dei vilde ha full lott i ære og vinning, og det laut han love dei. Men snart kom namnet hans bort ifrå firmastempelen, og han vart berre som ein arbeidstræl under deim. Sistpå nekta dei at det var han som var opfinnaren. Det vart søksmål, og saka kom til doms. Gutenberg kvidde seg for å fortelja høgmælt om kunsten, for di han ottast alt i hop var sett i gang einast for å lure kunsten frå han så vart han dømd og miste all sin midel.

Seinare gav han seg i lag med to andre og fekk op eit nytt prenteverk. Men då det var vel i gang, tok dei æra for alt saman, og Gutenberg stod på berran bakke.

Han miste kona si og borna sine. Einsam og utsliten og høgt til års stod han att, naken og snytt og utlædd. Det hadde vore ute med han då, hadde ikkje ein folkeleg kurfyrste gjort sælebot på han og hjelpt han med pengar til å halde fram med kunsten sin.

Men ei lita stund etter døydde han. Han let ingen ting etter seg, anna den opfinninga som literatturen i våre dagar ikkje kan vera foruta. Nærpå kunde namnet hans ha drukna i den store gløymeboka.


Frå Lars Eskeland og Severin Eskeland: Lesebok for ungdomsskulen. Kristiania: Olaf Norli 1920. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad