Jønnvegarne vaare i 1894

(Artikkel, 1895)

[Av Rasmus Steinsvik]

    Me hev fenget oss ein ny jønnveg i det aaret som no gjekk. Hamar−Trettenvegen vart teken i bruk siste 15. november. Han er 88 km. lang med 13 faste stasjonar. Denne vegen er bygd fullt ut fyr staten si rekning, men bygderne som vegen gjeng igjenom hev lagt til litt kvar, men utan aa faa eigedomsrett att istaden.
    Det er no 3 jønnvegar under arbeid:
    1. Tretten−Sellvegen, der dei driv paa med etterarbeidet som aller mest. Paa denne lina lyt der leggjast ei stor bru yver Laagen ved Skjeggestad, denne brui blir arbeidd paa verkstaden»Vulkan« i Oslo og skal vera ferdig til ivaar, og vegen vert vel teken i bruk til hausten.
    2. Eidanger−Breiviksvegen meinar dei ogso skal ta til med drifti ihaust.
    3. Jønnvegen Kristiansand−Byglandsfjord. Den største brui yver Otteraai skal koma fraa ein verkstad i Tyskland. Denne vegen blir nok ferdig til hausten, fraa Kristiansand til Kile −paalag 44,5 km. Resten skulde ein tru dei maatte greida til seinhaustes 1896.
    I 1894 vart der lovt pengar til etternemnde jønnvegar:
 
1.       Voss−Taugevatnet.
2.       Flekkefjord−Eikersund.
3.       Arendal−Aamli.
4.       Elverum−Flisen.
5.       Hell−Sunde.
6.       Oslo−Gjøvik.
 

 
    Me skal no sjaa litt paa kos det hev gjenget med jønnvegsdrifti vaar i det lidne aaret; men her er ikkje komi nokoslags uppgjerd yver november og december enno, so me fær nok nøgja oss med dei 10 fyrste maanaderne i aaret.
    Fyrst tek me hovudbanen:
    Innkomurne var til 31−10−94 kr. 1,356,000 mot kr. 1,291,000 same bilet 1893. −Hev altso stiget med 65,000 kronur. Auken hev vore: 24,000 kr. paa ferdafolk; 4000 kr. paa ilgods; 30,000 kr. paa fragtgods; 5000 kr. paa mjølk.
    Av heile auken fell 54,000 kr. paa hovudvegen aaleine, 7000 kr. paa samdrifti med statsvegarne og 4000 kr. paa samdrifti med dei svenske statsvegarne.
    Driftaaret 1893−94 gav eit yverskot paa 674,000 kronur. Luteigarne fekk utbetalt paalag 6 pct.
     Kongsvingerbanen hev drivet det godt i aar. Hev teket inn 771,000 kronur, mot ifjor 714,000. Av denne auken fell 14,000 paa ferdafolket, 38,000 paa fragtgods og 2,500 paa levande kryter.
    Det hadde nok ikkje set so ljost ut for Kongsvingervegen, dersom ikkje den sidelina upp til Flisen hadde vore, men den banemolen hev hjelpt Kongsvingervegen, medan han sjølv hev gjenget paa tap. Samferdsla med Sverig hev ogso gjevet bra av seg iaar. Driftaaret 1893−94 gav 268,000 kronur i yverskot. Av dette fekk luteigarane 2,6 pct.
     Solørbanen (Flisen−Kongsvinger). Drifti paa denne jønnvegen byrjad sist i 1893, og han hev i dette aaret gjenget med 27,000 kronur underskot. I dei 10 fyrste maanaderne av 94 hev innkomurne vore berre 52,000 kronur. Det er helst varefragt det hev vore lite av. Dei 27,000 kronuerne gjeng av statskassen.
     Vossebanen hev derimot lønt seg godt. Innkomurne i desse 10 maanaderne er 292,000 kronur, mot fyrre aaret 271,000. Der er 15,000 kronur i auk av ferdafolket. I driftsaaret 1893−94 er der 13,000 kronur i yverskot.
     Jærbanen hev ogso drivet det betre iaar en ifjor −um han ikkje nett hev lønt seg. Innkomurne er 136,000 kr., mot i fyrre aaret 128,000. Iaar prøvde dei med aa setja eit morgontog igong fraa Vigrestad, men det lønte seg ikkje, og dei sluttad med det, daa halvaaret var ute. Underskotet hev vore 5000 kronur i 1893−94.
     Merakerbanen hev derimot greidt seg, endaa innkomurne hev kvorvet 44,000 kr. mot hitt aaret. Det kjem nok av, at: fyr det fyrste hev trevaredrifti paa Sverig og Hommelviki mest slutta. Og so hev der ikkje vore noko gagns sildefiske iaar der nord. Attaat dette er Os−Hommelvik koparverk nedlagt, og det hev ogso voret til skade for jønnvegen. Der kjem enno ein ting til: Hjerpen Sulfitfabrikker i Sverig, som tok raavare og sende sine varur att med banen yver Nidaros, dei fabrikkerne brann upp i sumar, og dei innkomsterne er altso slutt, til fabrikkerne kjem i gjenge att. Merakervegen hev havt 385,000 kronur i innkome iaar, mot fyrre aaret 429,000. Yverskotet er daa likevæl 149,000 kronur, og luteigarane fær seg utbetalt 1,3 pct.
     Nordbanen (Eidsvoll−Nidaros hev ogso mindre aa kyta av i 1893−94 en fyrre aaret. Innkomurne av ferdafolk hev aukat med 25,000 kronur, men paa varurne hev det kvorvet 90,000 kr. Ialt hev denne jønnvegen 50,000 kr. mindre iaar en i fjor. Yverskotet gjer seg til 133,000 kronur. Paa vegmolen Grunnset−Aamot gjev banen ikkje noko til luteigarane, men paa Eidsvoll−Hamarvegen gjev han 1,7 pct., paa molen Hamar−Grunnset 1,8 pct., og paa vegstykket Nidaros−Støren 0,7 pct.
     Oslo−Drammensbanen hev teket inn 776,000 kr. mot 769,000 fyrre aaret. Altso 7000 kr. meir. Det er ilgodset og folkefragti som hev aukat; godsfragti hev haldet seg med det gamle. Mjølkeførsla hev derimot siget noko ned. Yverskotet er paalag 117,000 kronur. Luteigarane fær utbetalt 2 pct.
     Paa Drammen−Skiensbanen hev innkomurne vore 10,000 kr. minder en i hitt driftsaaret. I 1892−93 tok dei inn 570,000, men iaar berre 560,000 kronur. Han legg fram eit underskot paa 22,000 kronur, som vert lagt til av umframtkassen.
     Drammen−Randsfjordsbanen hev det gjenget betre med. Innkomurne der var i siste rekneskapsaaret 774,000 kr., men iaar hev dei tøygt seg upp i 825,000 kr. Der er 19,000 kr. meir i folkefragt, 2000 meir fyr ilgods og 29,000 meir fyr fragtgods. Trevareføringi er paa denne jønnvegen i god framgang. Det vart no siste aaret bygt 2 nye tresliperi, som sender mykje vare med banen. Yverskotet er 201,000 kr. Av dette fær luteigarne 2 pct.
    Og paa Smaalensbanen tykkjest dei nok ha havt lukka med seg dette aaet. Dei hev tent 12,000 kr. meir iaar en hitt aaret. Folkefragti hev gjenget upp med 27,000 kr., og ei 16,000 kronur meir i fragt fyr levande beist −no etter det vart fritt fyre aa føra levande kryter inn fraa Sverig. Smaalensvegen hadde iaar eit yverskot paa 268,000 kronur og betalar av dette berre 0,6 pct. til luteigarane.
    Legg ein alle desse veglengderne ihop so vert det ei veglengd paa 1700 km. Derav er 1632 statsveg og 68 km. privatveg −under privat tilsyn.
 

Frå Den 17de Mai. Norskt folkeblad. Tysdag 8. januar 1895. Nr. 3. 2. aarg. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad