Marta Steinsvik

Marta Steinsvik var forfattar, reisande talar, samfunnsdebattant, feminist, antroposof, egyptolog, teolog og religionshistorikar. Ho var ein idealist og ei uredd kvinne som markerte seg i mange av dei sentrale debattane i Noreg dei første tre–fire tiåra av 1900-talet.

Marta Steinsvik
Marta Steinsvik

Marta Steinsvik var fødd 23. mars 1877 i Flekkefjord og døydde 27. juli 1950 i Oslo. Foreldra var lærar Torkild Tonstad og Ingeborg Haugann. Ho blei gift med redaktør Rasmus Steinsvik i 1896 og er farmor til Kjell Steinsvik, som saman med kona Tone Sinding Steinsvik bygde opp Baafarveværket i Modum til museum og kultursentrum.

Marta Tonstad var ei gåverik jente, og etter nokre år på folkeskulen i Mandal reiste ho til Kristiania for å gå på Ragna Nielsens skule, der ho 17 år gamal tok examen artium med karakteren laudabilis prae ceteris, som var beste karakter. Faga ho tok, var religion, norsk, engelsk, tysk, latin, gresk, geografi, matematikk, teikning og naturfag. Her blei ho òg kjend med landsmålet.

Like viktig for den seinare livsbana hennar var at ho på skulen kom i kontakt med okkulte tankeretningar som teosofi og spiritisme. Ho blei dessutan kjend med mange radikale kvinner og tok til å omsetje artiklar frå tysk, fransk og engelsk til landsmål for det radikale tidsskriftet Kringsjaa. Seinare var ho redaktør i bladet ei kort tid.

Studium og ekteskap
Etter andreeksamen (førebuande prøve) i 1895 tok ho til å studere medisin ved Universitetet i Kristiania. På den tida var det berre nokre få kvinnelege studentar. Dei første kom inn på universitetet i 1882, og så seint som i 1891 var det berre 11 kvinner som var kvalifiserte for studium. Midt i 1890-åra blei ho òg kjend med redaktøren i landsmålsavisa Den 17de Mai, Rasmus Steinsvik, og forelska seg i han. Steinsvik var med i eit anarkistisk miljø, der Arne og Hulda Garborg, Ivar Mortenson-Egnund, Sigbjørn Obstfelder og Anders Hovden var sentrale deltakarar. Etter eit år i sambuarskap gifta Marta og Rasmus seg. Å bu saman i sambuarskap var sjeldan og heller radikalt. Fem born kom med korte mellomrom, og Marta måtte utsetje studia. Men ho tok lærareksamen, og ho underviste litt.

Alt i desse åra var ho engasjert i samfunnsdebatten. Ho skreiv i avisa til Steinsvik og kjempa mellom anna for kvinneleg røysterett. Ho omsette heile ti bøker i dei åra ho hadde små born.

Ho tok opp at studia ved universitetet, men no var det egyptologi som blei faget hennar, med vekt på fleire språk i Midtausten: egyptisk, koptisk, arameisk, hebraisk og sanskrit.

Studia av mellom anna dei gamle egyptiske trustilhøva førte henne djupare inn i teosofien. Rundt 1910 tok ho til å fantasere om kjærleiken til leiaren for den antroposofiske rørsla, tyskaren Rudolf Steiner. Psykiateren Johan Scharffenberg diagnostiserte henne som sinnssjuk, og ho blei lagd inn på Gaustad asyl, der ho var i nokre månader. No blei ekteskapet med Steinsvik oppløyst.

Kor sjuk ho var, er uklart. Marta hevda seinare at Scharffenberg stilte diagnosen på grunnlag av mannen si framstilling av veremåten hennar, og fordi han oppfatta spiritistar som sinnssjuke i utgangspunktet. Seinare dokumentasjon tyder nok på at diagnosen ikkje var urimeleg. Det var han derimot då Scharffenberg 27 år seinare stilte diagnosen ein gong til.

 
På eiga hand
Etter skilsmissen måtte ho livberge seg på eiga hand og tok til som reisande foredragshaldar. Dette heldt ho fram med til ho døydde. Ho engasjerte seg i ei lang rekkje av dei brennande spørsmåla i samtida. Samstundes studerte ho egyptologi og hadde lengre opphald ved British Museum i London og ved universitetet i København. Ho kom seg ikkje til Egypt, men fekk tilbod om tilsetjing ved British Museum. Det sa ho nei takk til, av omsyn til borna.

Frå 1918 studerte ho teologi ved Menighetsfakultetet. Men synet hennar på kvinner i forkynninga var for radikalt for leiarane både ved presteskulen og i Den norske kyrkja. Ho heldt, som den første kvinna, ei kveldspreike i Grønland kyrkje i Kristiania, og fekk mykje kritikk. Då gav ho opp prestestudiet.

I 1920- og 30-åra skreiv ho artiklar og pamflettar, kronikkar og skodespel. Ho var motstandar av jesuittane sin moralfilosofi og den katolske kyrkja si presteutdaning, sølibatet og det munnlege skriftemålet. Ho skreiv då boka Sankt Peters himmelnøkler. Debatten enda med to injuriesaker om same saka, men med litt ulike utgangspunkt. Den eine tapte ho, men den siste vann ho på alle punkt.

Elles markerte ho seg som ein aktiv motstandar av statskyrkja, førestillinga om eit evig helvete, Oxford-rørsla, bruk av dyr i medisinsk forsking, tvangsvaksinering av born, dødsstraff – og medisinaldirektør Karl Evang, fordi han ville vaksinere born. Ho engasjerte seg i rasedebatten i samtida og åtvara mot at jødane kom til å overta makta i verda. Ho trudde òg på innhaldet i Protokollane til Sions vise, som alt då var avsanna som eit falskneri. Ho meinte at dei opphavlege paragrafane i Grunnlova mot jødar og jesuittar måtte gjeninnførast. Ho var klart antisemitt, men blei ikkje nazist.

Ho var ein kraftfull tilhengjar av likestilling for kvinner, fredssak, målsak og vegetarisme. Ho kjempa for kvinnelege prestar, for eit sterkt forsvar og for nasjonalt sjølvstende. Under krigen fann ho opp ein metode til å produsere brenselbrikettar av kloakkslam, og ho gav ut eit hefte om tang og tare som vitaminkjelde og botemiddel mot mangelsjukdomar.


Kritikk av landssvikoppgjeret
Den siste kampen hennar kom etter krigen, då ho kritiserte rettsoppgjeret med landssvikarane. Ho la fram prov på at fangane blei torturerte og elles behandla på ein uverdig måte i fengsel og fangeleirar. Kritikken blei publisert i boka Frimodige ytringer i 1946. Biografen hennar, Ingeborg Solbrekken, kallar boka ein av dei modigaste publikasjonane i moderne norsk historie. Steinsvik blei truga på livet, mange som kalla seg medlemer av heimefronten ville ha boka beslaglagd og forfattaren straffa. Og til slutt blei det sett i gang gransking av boka. Men noka injuriesak kom ikkje, og ettertida har vist at overgrepa mot landssvikarane på mange punkt var verre enn dei Marta Steinsvik skildra.

 

Frå Gudleiv Forr: "Marta Steinsvik", Allkunne.no, sist oppdatert 25.1.2018 [lesedato 8.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

Biografi av Anton Aure (1916)