Ragnarok

(Kortprosa, 2017, utdrag)

Først vil det komme tre år der folk kjenner at dette må vere
for godt til å vare
Så vil det komme tre år der folk ikkje skjønner kvifor
lønnskontoane blir tomme lenge før neste lønning
Så vil det komme to kalde vintrar etter kvarandre, og folk vil
tenke at klimaendringar er noko tullball
Så vil det komme tre somrar med høljeregn, og folk vil vere
sikre på at endetida er nær
Folk vil bli stadig eldre og lure på kvifor dei framleis liker den same musikken som då dei var yngre
Internettet vil forsvinne stadig oftare, og du må nullstille det ved å trekke ut straumen og vente eitt minutt
Det vil komme ei tid der du lurer på om du nokon gong kjem deg til fjells igjen
Det vil komme ei tid der du har meir lyst på vatn enn på øl
Det vil komme ei tid der du tolkar verdas nyheiter på ein slik måte at du seriøst vurderer å bygge ein underjordisk bunker i hagen (du skal jo uansett ha gravemaskin for bygge garasje på andre sida av huset)
Det vil komme ei tid der ingen ungar søv om natta og utslitne foreldre har syltynn psyke og kort lunte
Så vil havet stige og utslette alt


Om eit nytt land stig av havet etterpå, vil ingen kunne seie
Om det vil vere godt eller vondt der, er det ingen igjen til å meine noko om
Om det var noko me kunne gjort for å unngå det, vil vere ein
utenkt tanke

 

 

Frå Gaute M. Sortland: Korte meisterverk. Samlaget 2017. Side 122-123. Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.