Fotturar i Norge har blitt ein gammal mann

(Kortprosa, 2015, utdrag)

Det er ikkje ofte han kjem seg ut nå lenger. Særleg om føremiddagane når véret er klart, lengtar han til fjells. Han ser dei gamle nutane gjennom vindauga på sjukeheimen. Ikkje sjeldan er skylaget lågare enn fjella.
Fotturar i Norge treng innimellom hjelp av ein maskin til å puste — eit sikkert teikn på at det går mot slutten. Han hugsar då han framleis budde heime og fann ut at han ikkje lenger orka å runke kvar kveld før han sovna. Då hadde han tenkt at det nærma seg slutten. Det er lenge sidan nå.
Fotturar i Norge har ein son og to døtrer som kjem på besøk så ofte dei kan. Det må vere ei pine for dei å sjå han ligge slik. Men det er lite han kan gjere med det. Han døyr så raskt han berre maktar.

 

 

Frå Gaute M. Sortland: Fotturar i Norge. Samlaget 2015. Side 7.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.