Fotturar i Norge flyttar heim og startar med sau

(Kortprosa, 2015, utdrag)

Om det er ein naturleg overgang eller resultatet av ei personleg krise, er vanskeleg å seie. Det heile glir litt inn i kvarandre, tenker han. Iallfall reiser Fotturar i Norge vekk frå Oslo og heim til Vestlandet for å starte med sau i det nedlagde gardsbruket han har arva etter foreldra. Sauehaldet fører til ei rekke problem som ein kjenslevar mann i krise absolutt ikkje treng.
Verst blir det under lamminga. Fotturar i Norge søv kvar natt i halmen med sauene for å vere klar til å hjelpe. Det blir lite ... søvn og mat. Etter tredje natta kjenner Fotturar i Norge at det går ut over den mentale helsa, som ikkje er all verda frå før. Tankane spinn rundt i hovudet i eit sånt tempo at han ikkje kan fange dei, og han tar lett til tårene. Så begynner lamma å komme for alvor. Det er mange av dei. Sauene treng hjelp, og det er mange vanskelege fødslar. Fotturar i Norge klarer ikkje redde alle, og det riv hjartet ut på han. Det er steinhardt. Han et lite, men græt ikkje lenger. Han har ikkje kontakt med kjenslene sine i det heile. Ein nabo må stadig komme for å hjelpe han, og han skammar seg fordi han ikkje taklar å slå i hel skadde og sjuke lam. Fotturar i Norge kjem seg gjennom det. Etter nokre veker er alle lamma ute, og det er varmt nok til å sleppe dei ut på beite. Fotturar i Norge er ein knekt mann. Mager og holøygd. Han lurer på kor alle vennene hans er. Han lurer på kvifor han driv med sau på Vestlandet når han kunne levd roleg i Oslo. Det er like mange val å ta på Vestlandet som på Austlandet, viser det seg.
Livet er ikkje enkelt, tenker Fotturar i Norge. Lamma er nydelege på beite, og det gir meining, men det har vore for mykje død etter hans smak. Fotturar i Norge må drikke sprit for å sovne.

Etter nokre veker går det stadig betre. Sommaren er på veg, og livet opnar seg meir opp. Han sender sauene på fjellbeitet og opplever ein kort augneblink av lykke i det han køyrer ned frå fjellet igjen. Fotturar i Norge er ganske sikker på at han har eit problem han treng profesjonell hjelp til å hanskast med, men han vel å ikkje gjere noko nummer av det. Han er ganske stolt over å få det såpass godt til. Sola går ned bak fjella i vest. Her inne ser ein berre skyene og dei fantastiske fargane som sola gir. Fotturar i Norge græt i bilen på ein rasteplass langs fjorden med motoren i gang. Då han kjem heim, er det framleis lyst. Han et to knekkebrød og drikk ein kopp te utan å tenne lysa i huset. Søvnen som blir gitt han, er utruleg. Han søv tolv timar, og då han vaknar, kjenner han seg heil igjen. Ja, så heil som ein som han kan bli.

 

 

Frå Gaute M. Sortland: Fotturar i Norge. Samlaget 2015. Side 28-29. Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.