Fotturar i Norge er ein kontroversiell prest

(Kortprosa, 2015, utdrag)

Og han er på veg over fjellet til fots for å demonstrere mot regjeringa. Han er sint og går med faste steg. Han held det han lova kyrkjelyden. «Ja, sparkar dei meg ut, så skal eg marsjere heile vegen over fjellet og rakt inn til Oslo for å fortelje dei sanninga. Eg skal gå rett inn til Kyrkjedepartementet og gi beskjed. Eg skal vere ubarbert og sveitt, vill i blikket vil eg kanskje vere etter to veker på tur, det er ikkje anna å vente, og kanskje vil eg framstå som ein desperat mann, det er ikkje å nekte for, men det overraskar vel ingen, når eg har blitt sparka ut av kyrkja for å forkynne det eg trur på!» Det var det han hadde sagt eller skrike til dei frammøtte, helga før palmesøndag, då den nye presten og soknerådet hadde nekta han å tale. Og det var den dagen Isak, leiaren i soknerådet, meir eller mindre hadde løfta han ut med eit krafttak i armen og bedt han halde seg vekke. «Det er nok nå, Tor», hadde han sagt, «det held nå. Gå heim, og ta imot den hjelpa som blir bydd deg», hadde han sagt medan han heldt fast taket i armen hans og pusta høgt gjennom nasen. «Han er brei som ei kyrkjedør og olm som ein stut», hadde Tor tenkt, «det er ingen vits i å smelle til han, han ville ikkje merka det likevel,» Han reiv seg laus og gjekk.

Det var ingen heime heller. Det var einast klokka som tikka i stova. Kona hans var på seminar i Bergen, så det var berre å pakke sekken og dra. Han lurte ei stund på kva han skulle ha på seg, det var jo ein protestmarsj, og så kom han på den svarte prestekjolen med pipekrage som hang på loftet. Den han hadde brukt i eit historisk spel for nokre år sidan (ei historie i seg sjølv, der han hadde hamna i bråk med regissøren, som var homofil). Ryggsekken kom litt i konflikt med pipekragen, men etter litt bøying og luring framfor spegelen i gangen fann han ein måte der det gjekk på eit vis, om han berre gjekk litt lut i ryggen. Og det kunne vel også passe. Så gjekk han. Opp frå prestebustaden ved fjorden og opp på europavegen i retning aust mot fjellet.

Men det tok ikkje så lang tid før han kom i tankar. Plagsame tankar. Nokre bilar køyrde forbi og tuta, men han brydde seg ikkje med dei. Det var desse tankane. Det var det at turen kom til å ta tid. Og han kom til å trenge mat og husrom. Han såg ned på fottøyet som slang fram frå under prestekjolen når han stega av garde. Joggeskoa var ikkje all verda. Dei var minst ti år gamle og hadde vore med på både hagearbeid, joggeturar og, ikkje minst, dusinvis av fotballkampar på konfirmandeir, der han alltid mista seg sjølv og gav hundre prosent. Han skamma seg alltid over det etterpå, at han ikkje kunne la andre vinne. Det var det same om innstillinga hans i utgangspunktet berre hadde vore å gi konfirmantane ei fin oppleving av samhald og sunn fysisk fostring. På veg til fotballbanen ved leirstaden førebudde han seg alltid mentalt på at han skulle ta det roleg, men når kateketen blåste i fløyta, var det som det klikka for han. Kvar gong. Han blei eit villdyr. Eit egoistisk villdyr som klipte ned seint utvikla konfirmantar bakfrå med ufine taklingar, ropa på hands og straffe for kvar minste ting og gjekk over heile banen med ballen sjølv før han drog til med ein skikkeleg susar mot mål som fekk dei stakkars konfirmantane til å kaste seg flatt ned på grusen for å unngå å bli trefte. Og som han jubla for kvart mål! Om kveldane på konfirmantleir bad han om at han skulle klare å halde fatninga neste gong, men han var som ein sirkushest. Lukta av spon fekk han til å skru på fullt.

Kvifor han tenkte på dette nå, var eigentleg opplagt, så godt kjende han seg sjølv. Han gjorde impulsive handlingar, handlingar som meir enn ein gong hadde ført livet hans i ei retning han ikkje lika. Som då han nekta å ha noko med sonen sin å gjere viss han flytta saman med kjærasten før dei blei gifte. Og han kjende at det han heldt på med nå, denne turen, kanskje også var med på å trekke livet i ei retning han ville komme til å angre på. Om han ikkje nå heller skulle snu, dra heim og ta tida til hjelp for ein gongs skuld. La alt han hadde opplevd den siste tida, fa søkke inn før han gjorde noko dramatisk; Ringe fastlegen og be om hjelp? Vanlegvis var det han som tok imot og høyrde på menneske i sorg og motgang. Sjelesørgjar som han var utdanna til. Det hadde vore mange skjebnar i løpet av åra, og hans eiga historie var eigentleg ikkje unik i det heile tatt. Berre nok ein mann som hadde møtt veggen etter å ha fatt viljen sin i litt for stor grad gjennom heile livet. Ein bortskjemd, sjølvdyrkande, sta og temmeleg usympatisk gubbe, tenkte han. Nok ein bil tuta, og han løfta neven til ei helsing utan å sjå opp. Han beit tennene saman og såg i bakken. Eg hatar meg sjølv, tenkte han og stoppa. Han løfta blikket mot fjella. Framfor seg såg han bensinstasjonen og eit busstopp. Den siste stasjonen på vestsida. Telefonen hans ringde. Det var sonen hans. Som hadde ringt kvar søndag klokka sju i fem år nå. Han hadde aldri tatt han. Han trykte på den grøne knappen.

- Hei, Simon.
- Hei, er det deg, far?
- Ja, det er det. Jammen var det godt å høyre stemma di.
- Tok du nå endeleg telefonen?
- Ja, nå har eg tatt telefonen.
- ...
- ...
- Kva nå?
- Jo, eg er på ein slags fottur til Oslo for å få treffe deg.
Eg har så mykje å be om unnskyldning for.
-Ja?
- Ja, så difor kjem eg.
- Går du?
-Ja.
- Kanskje bussen hadde vore betre? Det er ganske langt? Eg skal dessutan til Syden på torsdag, så det er ikkje sikkert du rekk meg om du skal gå.
- Ja, du har vel rett. Buss er kanskje betre?
- Trur det.
- Ja, men då kjem eg med bussen.
- Berre send melding når du veit tidspunktet, så hentar eg deg på stasjonen.
- Det var veldig snilt.
- Ok. Då sest me snart ... veit du forresten at sambuaren min er ein mann? At eg er homofil?
- Nei, der visste eg ikkje.
— Nei. Men det er eg.
-Ok.
- Ja, då snakkast me, då. Ha det.
- Ha det, då.

Han hadde inntrykk av at det var litt mindre trafikk nå, og han kunne utan problem gå roleg over europavegen og bort til bensinstasjonen. Han kjøpte seg ei grillpølse i brød og ein cola. Dei høyrde saman i ein meny. Det måtte ha vore 25 år sidan sist han drakk cola. Det smakte herleg. Veldig sterkt. Pølsa også. Han rapte kraftig. Var ikkje van med kolsyra. Det var nok også kolsyra som gjorde at tårene pressa på bak auga, tenkte han og rapte igjen. Det er jo heilt forferdeleg, tenkte han og hiksta eit par gonger. Det likna gråt. Han stod litt og tok seg inn igjen. Det gjekk på eit vis. Berre eit par mindre rap og hikst nådde opp. Han tørka tårene og gjekk roleg bort til busstoppet. Tok sekken av seg og la han på bakken. Kjensla av å få av seg sekken var formidabel. Skuldrene kjendest lette som fjører. Det kjendest som frelsa.
Det hadde begynt å skumre, og i lufta syntest han at han kjende lukta frå fjellet. Det blei ingen fottur på han, tenkte han, men det gjorde ingenting. Han drog fjellufta kraftig inn eit par gonger til og naus. Sprø lauk frå pølsa spratt frå pipekragen og opp i lufta. Så fekk eg då fjerna den, tenkte han og tok like godt kragen av seg. Ein augneblink var han freista til å sende kragen som ein frisbee ut i grøfta, men han tok seg i det, bretta han heller saman og la han i lomma på buksa under kjolen. Like etter kom faktisk nattbussen. Han steig på, betalte, fekk undrande blikk og sette seg. Han tok fram telefonen og sende ei melding til kona si: «Har dratt til Oslo for å besøke sonen vår. Kanskje du også vil komme? Me kunne budd på hotell? Ta med skjorter.» Så sette han seg tilbake i setet og let seg slingre av vegen og bussen. Det var herleg at det var noko utanfor han sjølv som bestemte korleis han skulle slingre vidare. Han tenkte som vanleg om det kunne vere tema for ei preike, men kom på at han ikkje trong tenke på slikt lenger. Han kjende at han ville komme til å sove tungt.

 

Frå Gaute M. Sortland: Fotturar i Norge. Samlaget 2015. Side 72-77. Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

 

 

 

 

den svarte prestekjolen med pipekrage som hang på loftet. Den han hadde brukt i eit historisk spel for nokre år sidan (ei historie i seg sjølv, der han hadde hamna i bråk med regissøren, som var homofil). Ryggsekken kom litt i konflikt med pipekragen, men etter litt bøying og luring framfor spegelen i gangen fann han ein måte der det gjekk på eit vis, om han berre gjekk litt lut i ryggen. Og det kunne vel også passe. Så gjekk han. Opp frå prestebustaden ved fjorden og opp på europavegen i retning aust mot fjellet.
Men det tok ikkje så lang tid før han kom i tankar. Plagsame tankar. Nokre bilar køyrde forbi og tuta, men han brydde seg ikkje med dei. Det var desse tankane. Det var det at turen kom til å ta tid. Og han kom til å trenge mat og husrom. Han såg ned på fottøyet som slang fram frå under prestekjolen når han stega av garde. Joggeskoa var ikkje all verda. Dei var minst ti år gamle og hadde vore med på både hagearbeid, joggeturar og, ikkje minst, dusinvis av fotballkampar på konfirmandeir, der han alltid mista seg sjølv og gav hundre prosent. Han skamma seg alltid over det etterpå, at han ikkje kunné la andre vinne. Det var det same om innstillinga hans i utgangspunktet berre hadde vore å gi konfirmantane ei fin oppleving av samhald og sunn fysisk fostring. På veg til fotballbanen ved leirstaden førebudde han seg alltid mentalt på at han skulle ta det roleg, men når kateketen blåste i fløyta, var det som det klikka for han. Kvar gong. Han blei eit villdyr. Eit egoistisk villdyr som klipte ned seint utvikla konfirmanta