St. Michaels løyndom

(Barnebok, 1999, utdrag)

Jonas er på veg heim frå skulen. Det er fredag ettermiddag. Og det regnar. Eller det som verre er.
    Jonas tenkjer på det naturfaglæraren har sagt om at dongeribukser trekkjer til seg meir vatn enn andre bukser på grunn av noko som heiter osmose. Læraren har forklart at vatnet trekkjer seg oppover i dei fine bomullstrådane i buksa, dei verkar akkurat som sugerør der væska stig lite grann om ein set dei nedi eit glas med vatn.
    Jonas er ikkje spesielt interessert i naturfag og osmose eller sugerør, men læraren har nok rett:     Dongeribukser trekkjer til seg mykje vatn. For Jonas er klissblaut. Han lurer på kva naturfaglæraren hadde kalla dette som kjem ned frå himmelen no. Det er ikkje skikkeleg snø, ikkje skikkeleg regn. Ikkje vanleg sludd eingong, berre noko stort og vått. Slapsesludd.
    Jonas har gått for lenge ute i slapsesluddet, og det er nesten tungt å bevega seg. Likevel har han berre lyst til å halda fram å gå her i pissevéret, kanskje greier han å bli kraftig forkjøla? Eller til og med få ein
liten lungebetennelse? Det hadde vore noko! Kan- skj e pappa hadde gidde å vera heime eit par dagar då? Jonas går likevel heim til slutt. Det er ikkje noko anna å gjera.
    Det er tungt å gå opp trappa i Thormøhlensgate i klissblaut bukse. På toppen blir han stressa når han høyrer telefonen ringja inne frå gangen i leiligheten.
    Det har den gjort ofte dei siste dagane. Og alltid berre tre gonger, før den sluttar. Det verste er at telefonen har ringt til alle døgnets tider i det siste, og det er litt guffent å stå opp midt på natta, og så sluttar den berre. Den siste natta har Jonas berre dradd ut leidningen.
    Jonas fomlar litt med nøkkelen, og når han endeleg får låst opp og opna døra, sluttar det å ringja. Han ser på displayet på den nye ISDN-telefonen til pappa at det er ein ukjent som har ringt. Denne gongen og. Den som ringjer, skjuler nummeret sitt. For telefonen har ikkje registrert noko nytt nummer der frå den siste som har ringt. Og det ligg inga melding på svararen.
    Det kan vera kven som helst.
    Likevel føler Jonas at denne juleferien ikkje begynner så bra. Ikkje det at den såg så bra ut før den  begynte heller, eigentleg.
 
 
_____________________________________________________________________________________________
 
Frå Bjørn Sortland:  St. Michaels løyndom.  Samlaget 1999. Side 5-6.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________________________________