Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det?

(Roman, 2007, utdrag)

- Danse?
    Han blir litt sett ut av at det er nokre tynne, små rynker mellom brysta i utringinga hennar. Det lange lyse håret har fått han til å tru at ho var yngre.
    Han tenkjer at han ikkje er vaksen nok, at han er for liten til å vera her. Det er mange som vil bli sett, folk er stilig kledde, det heile er ein slags gjenforeiningsfest, dei spelar åttitalsmusikk, alle vil visa at dei har greidd seg bra.
    Han vil ikkje dansa. Nikolai sa at faren hans ikkje kom til å seia noko på at dei dukka opp, og at det ville vera gratis alkohol. Pluss at det var folk som det var kult for han å treffa. Nikolai seier at faren har dårleg samvit fordi han jobbar så mykje, at han berre er glad om dei dukkar opp. Faren til Nikolai jobbar med reklame. Film. Han har slike venner - arkitektar, kunstnarar, musikarar, filmfolk, skodespelarar - som denne dama med rynker mellom brysta.
    - Eg må ut og pudre nasen, seier han og går.
 
______________________________________________________________________________________________
 
Frå Bjørn Sortland: Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det?Aschehoug 2007. Side 7.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________________________________