Den gongen eg liksom-døydde

(Barnebok, 2006, utdrag)

Pappa seier at det ikkje er vits i
å gå rundt med våtdrakt når vi
ikkje skal dykka.
For eg får ikkje lov til å dykka når
eg er åleine.
Det kan vera farleg.
 
Eg er ti år.
Det er ikkje så mange på min
alder som kan dykka.
Ikkje sånn heilt på skikkeleg.
Pappa har lært meg det. Han har
dykka i mange år sjølv.

 

Han seier at nesten ingen er klar
over den uendelege eventyrverda
som er under vatnet.
Det er ingen grenser der nede,  
seier han.
 
Eg har prøvd å dykka med
luftflaske også.
Mest i basseng. Men også litt i
sjøen. Til bursdagen min fekk eg
klokke som er vasstett ned til 50
meter.
 
Sjølv om eg ikkje får dykka
åleine, liker eg å gå med
våtdrakt.
Då frys eg ikkje når eg badar.
Eg liker på ein måte å vera klar til
å dykka.
 
 
______________________________________________________________________________________________
 
Frå Bjørn Sortland: Den gongen eg liksom-døydde. Aschehoug 2006. Side 9-11.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________________________________