12 ting som må gjerast før verda går under

(Roman, 2011, utdrag)

Det hadde eg ikkje trudd
 
Berre ti dagar etter at eg spurte Gud om han såg meg, fekk eg svar. Ti dagar synes eg eigentleg ikkje er så lang tid. Ti dagar er greitt.
    Eg tippar han kunne svart meg med ein gong, men eg trur vel eigentleg ikkje at eg hadde tålt det om han svarte meg minuttet etter eg ba han om det. Det hadde blitt for mykje, eg ville blitt sjokka, det veit nok Gud. Derfor gav han meg litt tid. Men ikkje lenge nok til at eg kom i tvil igjen.Eg vil derfor seia at Gud eigentleg svarte meg med ein gong.
    Kva slags svar kan ein få på at Gud finst? Det spørst kva du vil tru på, det. Eg ba om eit glasklart teikn. Og fekk det. Eg veit ikkje kva svaret betydde, men eg forstod at det var til meg, og at han ser meg og veit kven eg er.
    Det hadde eg ikkje trudd.
    Eg ville så veldig gjerne tru på Gud, eg trengte det. Veldig. Og så svarte han. Sånn er det.
    Ting går vanvittig fort. At alt kan forandra seg frå eit øyeblikk til eit anna,flcesssshhhh!,som eit lyn frå klår himmel, og eg tenkjer at det på ein eller annan måte gjeld å vera vaken og klar, og ikkje bølla for mykje sånn at ein sit og somlar når det smell til. Eg trur at ein må vera vaken og klar for kjærleiken eller verdas undergang. Eller at Gud finst, og at han vil meg noko godt.
    Eg veit berre ikkje alltid heilt korleis eg skal vera vaken og klar. Eg er berre tretten år.
    Men morfar Martin meiner at det er meir enn nok, og at tretten år ikkje er nokon unnskyldning.
 
_____________________________________________________________________________________________
 
Frå Bjørn Sortland:  12 ting som må gjerast før verda går under.  Aschehoug 2011. Side 5-6.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_____________________________________________________________________________________________