Tidt mannen ber voner

(Dikt, 1923)

Av Matias Skard

Tidt mannen ber voner so rike i barmen;
han øygner si lukka - då møter han harmen:
når vonene stiger mot himlen so bjarte,
eit ord - og dei ligger i moldi den svarte.

Når vårsoli vermer, og livs-treet skyter,
eit uvêr det kjemer og greinene bryter.
Han dimmest på syni, og hjarta det lider,
og inkje han vonar på ljosare tier.

Men soli ho stiger, snart tittar ein kumar
på nytt, og han kjenner at no kjem det sumar.
So ofte me såg at dei knuppar fekk skjota
av stubbom der vinden fekk greinene brjota.

Lat berre det velta seg vilt kringum stamnen,
for mildt gjenom sjøroket vinn me då hamnen,
og ein gong, når stormen er stilna og stogga,
isaman me glade i solskin skal vogga.

 


Frå Sangbok for norsk ungdom ved Mads Berg og Rasmus Stauri. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1923. Side 397. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad