Takkebøn for fedrelandet

(Dikt, 1905)

Av Matias Skard

Folkefader! deg skal vera
all takk og lov og pris og æra
for trivd og trygd paa fedrejord!
Du som oss fraa vidvang famna,
vaar veg i verste vaade jamna
med fredsens tankar yver Nord,
hjelp du, at rett me maa
din vilje varda paa!
      Deg til æra
      med merket ditt
      i blaatt og kvitt
lat flagdet fløyma sterkt og fritt!

Du som gav det land me bygde,
og trutt fraa ætt til ætt det trygde
i lukka laak og lagnad blid!
Du som attaat var i verket,
so under dyre samlingsmerket
seg døyvde dagsens kiv og strid,
og fridomsdagen klaar
gav fager folkevaar, —
      høgt fraa stongi
      med merket ditt
      i blaatt og kvitt
lat flagdet fløyma sterkt og fritt!

Herre, høyr oss, by og grender
slær bønevakt fraa fjell til strender
umkring vaart kjære fedreland.
Milde fader! vend i naade
ifraa oss vald og ufreds vaade!
til fredsverk fylk oss hand i hand!
Forlat vaar folkeskuld,
og reins vaart ervegull!
      Høgt fraa stongi
      med merket ditt
      i blaatt og kvitt
lat flagdet fløyma sterkt og fritt!

I ditt hus lat broderbandet
og all vaar elsk til fedrelandet
si rette vend og vigsla faa!
Lær oss land med log aa byggja,
og fridoms arv med rettferd tryggja,
so di velsigning fylgja maa!
Um ring daa er vaar magt,
er du vaar vern og vakt,
      og fraa stongi
      med merket ditt
      i blaatt og kvitt
skal flagdet fløyma sterkt og fritt!


Frå Kven sitt bilæte og paaskrift? Preika i Johanneskyrkja 23. sundag etter trieiningshelg 26. november 1905 av Peter Hognestad. Serprent etter "Den 17de Mai". Salmen hadde tidlegare vore prenta i Morgenbladet. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad