Ski-visa

(Dikt, 1907)

Av Matias Skard

Tone: Her er det land som hugar meg best.
 
Upp, utor varme kraai di fram,
og spill ei den dyre tidi!
Lokkande ligg i snøkvite ham
og breider seg bratte lidi.
Kulden han knirkar kvikt under mei,
lufti so lett um haug og um heid,
og alt som du ser / so friskleitt seg tér, -
hurra for den norske vetter!
 
Rann du so sant av nordmanna rot,
so upp og kom fram med skiom,
lat oss faa sjaa du fast er paa fot
og ledug i bratte lidom!
Fyk du daa fram so fljot som ein vind,
snoar det kvast um naser og kinn,
so taarorne renn / og blodet det brenn, -
hurra for den friske ferdi!
 
Livet hev her sitt likaste lag,
det leikar i braut og bakkar.
Hukrar du slik ein glitrande dag,
so er du no rett ein stakar.
Omnskraai gjer deg kløyen og bleik,
kroppen og hugen visen og veik;
men slikt blæs vel av / i snø og i kav, -
hurra for dei norske bakkar!
 
Fell ogso bakken stundom for bratt
og braaleg deg ende-vender, -
hei, eit hurra for honom som datt!
hurra fyre den som stender!
Snøen han stend som skodda, ja ja,
og no gjeng det godt, og no gjeng det bra!
Det blømer paa kinn, / det spretter i sinn.
Hurra for vaart kjære Norig!
 

Frå Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen: Lesebok for folkeskulen. I. Landsmaalsutgaava. Kristiania: Jacob Dybwad 1907. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad