Morgon sæle

(Salme, 1927)

Av Matias Skard

Tone: Paaskemorgen

Morgon sæle! Englemæle, 
Englemæle oss bodskap ber: 
Kom, lat oss skoda Kristi uppstoda,
Kristi uppstoda, han er kje her. 
Morgon sæle o.s.b.

Paaskefagnad ljuvleg dagna, 
Ljuvleg dagna med straalekrans. 
Himmelen gyllest, jordriket fyllest,
Jordriket fyllest med naadens glans. 
Paaskefagnad o.s.b.

Dagen gløder, ljoset fløder, 
Ljoset fløder or Jesu grav, 
Der han med siger straalande stiger, 
Straalande stiger som sol av hav. 
Dagen gløder o.s.b.

Hjarto gløde! Himmelgrøde, 
Himmelgrøde no rann or mold. 
Frukt til Guds æra frøet skal bera, 
Frøet skal bera i tusund foll. 
Hjarto gløde o.s.b.

Frygd og fagnad! Livsæl lagnad, 
Livsæl lagnad ved naadens flod! 
Syndi er sona, dauden er tjona, 
Dauden er tjona daa upp han stod. 
Frygd og fagnad o.s.b.

Paaskenaaden vender vaaden, 
Vender vaaden til lukka blid; 
Sorgi han jagar, sæla oss jagar, 
Sæla oss jagar til ævleg tid. 
Paaskenaaden o.s.b.

Store under! Berr' ein blunder,
Berr' ein blunder er dauden vaar. 
Blidt yver baara sol gjenom taara, 
Sol gjenom taara no titrar klaar. 
Store under o.s.b.

Paaskegleda ut me kveda, 
Ut me kveda so skuggar fly. 
Kristne sin Frelsar jublande helsar, 
Jublande helsar med lovsong ny. 
Paaskegleda ut me kveda, 
Ut me kveda so skuggar fly. 


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad