Minne

(Dikt, 1901)

Av Matias Skard

Som bjørki um vaaren seg vonfull kransar
og voggar glad med greinom;
som bekken han leikar so glad og dansar
so fint med song millom steinom:
so livde eg, var sæl og glad,
og berre dansa og song og kvad;
for alt var blidt, so vænt paa lìt,
- med' vaarsol lyser i lidom.

Som blomen han skyter um vaar paa engjom,
naar lauvet tek til og spretter;
Som fuglen han syng, naar paa lette vengjom
imillom lauvet han skvetter:
so livde eg utan sorg og sut,
og tidt mi gleda i song slo ut;
for alt eg saag meg gjorde fjaag,
- med' vaarsol lyser i lidom.
 
Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad