Min Jesus, lat mitt hjarta faa

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Op alle som paa jorden bor

Min Jesus, lat mitt hjarta faa
Slik dragnad etter deg,
At kvar ei stund du vera maa
Umissande for meg.

Daa veit eg naadens tid og stund
Meg sæl og signa er,
Til du meg hyser blidt i blund
Og heim til deg meg ber.

Naar daa mitt hjarta stilnar av,
So gjev det fred og kvild
I di den opne frelsargrav,
So vert mi avferd mild.

Aa, tvaa meg rein i dine saar,
Meg i di rettferd klæd,
So i ditt store jubel-aar
Eg frelst fær vera med!

Etter dansk.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad