Lov og takk skal ævleg vera

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Jesus dine dybe vunder

Lov og takk skal ævleg vera
Deg Guds son, at broder vaar
Her paa jord du vilde vera,
Fødd til ringe tenar-kaar.
Kjære Jesus, lær meg du
Rett aa lìva i di tru,
I ditt fotefar aa treda
Og i vegen din meg gleda.

Skal enn kross og naud meg valda
Sukk og graat i verdi her,
Lær meg fast ved deg aa halda
Og faa meir og meir deg kjære,
So til siste stund eg finn
Uti deg og dauden din
All mi lindring, von og vissa;
Lat mitt hjarta deim ei mista!

 

Etter Kindo.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad