Idag er der helg ifraa heid til hav

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Apostlerne sad i Jerusalem

Idag er der helg ifraa heid til hav
For frelsaren himmelfaren,
At himmelvegen igjenom grav
Du opna for systkin-skaren.
 
Daa skyi deg tok, stod ditt vene-lag
Og stirde med stunding deg etter;
So drag og din kyrkjelyd enno i dag,
At syni mot høgdi me retter.
 
Gjer lìvande for oss ditt siste ord,
So stendigt det oss maa styrkja
Og samla i bøn ditt folk paa jord:
Send Anden aa fylla di kyrkja!
 
Ja, send oss din Ande kvar morgon ny
Med kraft til din vilje aa gjera:
Aa byggja ditt rike, det vonde aa fly
Og lìva ditt namn til æra.
 
Aa drag og uppdrag oss som best du vil,
So rett me vert himmelvende,
Og kom so i sky og henta oss til
Den høgste som aldri tek ende.
 

 
Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad