Evangeliet etter Lukas

(Omsetjing, 1884)

[Omsett av Matias Skard]
 
2dre Kapitlet.
 
Men det hende seg i dei Dagom, at det gjekk ut eit Bodord fraa Keisar Augustus, at heile Heimen skulde verta innskriven i Manntal.
    2. Denne fyrste Innskriving vart gjord, den Tid Kvirinius var Landshovding i Syria.
    3. Og alle gjekk og skulde innskriva seg, kvar til sin eigen By.
    4. Men Josef gjekk og upp fraa Galilæa, fraa Byen Nazaret, til Judæa, til Davids By, som heiter Betlehem, (avdi han var av Davids Hus og Ætt),
    5. og skulde innskriva seg med Maria si Festarmøy, som var med Barn.
    6. Men det hende seg, medan dei var der, daa vart Tidi fullkomi, at ho skulde føda;
    7. og ho fødde sin Son, den fyrstefødde, og sveipte honom og lagde honom i ei Krubba; for der var ikkje Rom aat deim i Herbyrget.
    8. Og der var Hyrdingar der i Grendi, som var ute paa Marki og gjætte Fenaden sin um Natti.
    9. Og sjaa, Herrens Engel stod hjaa deim, og Herrens Klaarleike lyste umkring deim, og dei vart storlege rædde.
    10. Og Engelen sagde til deim: "Vere ikkje rædde; for sjaa, eg forkynner dykker ei stor Gleda, som skal timast alt Folket;
    11. for idag er dykker ein Frelsar fødd, som er Kristus Herren, i Davids By.
    12. Og dette skulo de hava til Merke: de vilja finna eit Barn sveipt, liggjande i ei Krubba."
    13. Og samstundes var der med Engelen ein himmelsk Herskare, som lovade Gud og sagde:
    14. "Æra vere Gud i det Høgste og Fred paa Jordi og Hugnad med Menneskjom!"
    15. Og det hende seg, daa Englarne foor ifraa deim til Himmels, sagde desse Hyrdingfolk til kvarandre: "Lat oss daa ganga til Betlehem, og sjaa denne Ting, som heve hendt, og som Herren kunngjorde oss."
    16. Og dei skundade seg og kom og fann Maria og Josef, og Barnet liggjande i Krubba.
    17. Men daa dei saag det, fortalde dei um det Ord, som var talat til deim um dette Barnet.
    18. Og alle dei, som høyrde det, undrade seg yver det, som Hyrdingarne talade til deim.
    19. Men Maria gjøymde alle desse Ord og grundade paa deim i sitt Hjarta.
    20. Og Hyrdingarne vende atter og prisade og lovade Gud fyre alt det, dei hadde høyrt og seet, so som det var talat til deim. [...]
 
 

Frå Evangeliet etter Lukas. Utgjevet med Statskostnad av Det norske Samlaget. Kristiania. Trykt i Ringvolds Boktrykkeri. 1884. Side 10-11. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad