Det er fullenda

(Salme, 1927)

Av Matias Skard
 
Tone: Paa Gud aaleine

Det er fullenda!
Vedunderlege ord!
No heim fær venda
Ein Adams son fraa jord,
Som kunde bera
Guds bilet utan flekk,
Hans vilje gjera
Til fullnads kor det gjekk,
Ja, lydig vera
Til han på krossen hekk.
 
Han hev fullenda
Det Gud av oss hev kravt,
Mot seg lét venda
Den dom me skulde havt.
Han syndi sona
Daa blodet skuldlaudt rann;
Han dauden tjona
Daa livet att han vann.
Lat songen tona
For Krist, vaar Frelsarmann!
 

Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad