Dei hyrdingar ved Betlehem

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: I denne søde juletid

Dei hyrdingar ved Betlehem
Guds eigen engel skodar;
I Herens klaarleik klædd han kjem
Og største under bodar:
"Ver ikkje rædde! for sjaa, eg
Forkynner gleda underleg,
Som skal alt folket hendast;
I dag dykk fødd ein frelsar er,
Den Herre Krist. No dag er nær,
All vaade braatt skal vendast."

Og englar syng i tallaus nøgd,
So undan kverv kvar skugge:
"Gud æra all i høgste høgd,
Paa jordi fred og hugge!"
Og aldri tagnar meir paa jord
Den store jole-jubelkor
Um Jesus-barnet kjære.
Guds son er komen til oss ned;
No er her jolefrygd og fred.
Gud Fader æra vere!


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad