Amen, me trur paa Gud Fader, allraade

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Jesu, din søde forening at smage

Amen, me trur paa Gud Fader, allraade,
Skapar av himmel og skapar av jord,
Han som enn allting i faderleg naade
Dagleg gjev tilvær og ber med sitt ord,
Lét etter natti kvar morgon det dagna,
Klæder kvar lilja, gjer sporvungen mett,
Styrer kvar stjerna og leider kvar lagnad,
Fører alt fram mot det maal han hev sett!

Og paa hans Son, den einborne, som føddest
- Avla ved Anden - av skiraste møy,
Under Pilatus i pinslorne møddest,
Og maatte dømd uppaa kross-treet døy,
Gravlagd, fór ned og fraa helheimen vende,
Tridje dag stod upp, til himmelen fór,
Sit hjaa sin fader, skal koma att-ende,
Daude og lìvande døma paa jord!

Og paa den heilage, heilage Ande,
Fader og Sonen sin verdige tolk,
Kyrkja, den heilage, aalmenne, sanne,
Samfundet millom Guds heilage folk,
Syndeforlatingi - dyraste gaava:
Syndi ei meir fraa Guds naade meg riv, -
Amen, me trur paa det ævlege liv.
 

Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad