Varde

(Dikt, 1894)

Av Per Sivle

Det høyrdest ved Nott
       eit Dunder paa Dør.
Og Husbonden vaknar,
       spring fram og spør:
"Kva er det, som bilar?"
       "Jau, no maa de ut!
for Varden lyser
       paa Høgenut!"
Og kvar Mann visste
       i same Ande,
at no var det kome
       Ufred til Lande.

Og Mennerne Hærklæder
       paa seg tok,
og Skjold og Øks
       dei lyfte fraa Krok,
dei hekta i Belte
       sit goda Sværd,
treiv Spjut og Boge
       og skundad til Ferd.
For kom der deim,
       vilde Noreg herja
so fannst der og deim
       som vilde det vergja.

Og alt som Varde
       fraa Varde vart tend,
dei sankad seg saman
       fraa Grend til Grend.
Og Fylkingen bygdest,
       og Veg han fann,
der fyre gjekk Høvding
       og Merkesmann.
Og Ufreds-Karen
       fekk jamnan smaka,
Kva det hev paa seg,
       at Varder vaka.

Og gjev det aldri
       maa verta sagt,
at Lande ligg
       utan Varde-Vakt.
Og logar kje Varden
       paa Tind og Nut,
han logar i Hjarta
       hjaa Noregs Gut.
Ja, brenn, du Varde,
       du signade, klare,
bjartare, høgre
       fyr kvart eit Aare!
 

Frå Noreg. Nationale Digte. Olaf Norli. Kristiania, 1894. Side 45-47. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad