Thord Foleson

(Dikt, 1894)

Av Per Sivle

 

Dei stod paa Stiklestad,

fylka til Strid,

den gamla og so

den nya Tid,

det, som hadde vore,

mot det, som skulde vetta,

det, som skulde stiga,

mot det, som skulde detta.

 

So drog dei Sverdi

i sama Stund,

den bjarte Kong Olav

og den graa Thore Hund.

Og Hærrope dunde,

so Jordi ho dirrad,

og Spjoti dei suste,

og Pilarne svirrad.

 

Men so er det sagt,

at ein gasta Kar,

Thord Foleson, Merket

hans Olav bar.

Og denne Thord Merkesmann,

skulja me minnast,

solengje i Noreg

Merkesmenn finnast.

 

Daa Thord han kjende,

han Banasaar fekk,

der fram i Striden

med Merket han gjekk,

daa støyrde han Stongi,

so hardt han kunde,

i Bakken ned,

før han seig innunde.

 

Og gamla Soga,

ho segjer so,

at Thord han stupte,

men Merket det stod.

Og soleis maa enno

den kunna gjera,

skal Framgongs-Merke

i Noreg skal bera.

 

Mannen kan siga,

men Merket det maa

i Noreg si Jord,

som paa Stiklestad, staa.

Og det er det stora,

og det er det glupa,

at Merket kan standa,

um Mannen maa stupa.

 

 

Merknad: Diktet blei første gong publisert i Fedraheimen 8. april 1885, og det fekk si endelege form i samlinga Olavs-Kvæde (1901). I Skrifter. I (1909), som kom ut etter at Sivle var død, finst ein fjerde variant av diktet.

 


Frå Noreg. Nationale Digte af Per Sivle. Kristiania. Olaf Norli 1894. Side 25-27. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad.