Svolder

(Dikt, 1894)

Av Per Sivle

Der laag attum Svolder
       Øy paa Lur
ein Skog av Master,
       av Skrog ein Mur;
Svia-Konungen,
       Dana-Drotten,
og Eirik Jarl
       var au i Dotten.
- For stødt der Normenn
       lyt vera med,
naar Noregs Merke
       skal hoggast ned.

Og Tryggvason visste kje
       Ord taa deim.
Han kom ifraa Vendland
       og siglde heim,
paa grepa Skutor,
       men færre enn mange.
- Og Olav sjølv
       styrde "Ormen lange".
Og raustare Menn,
       enn han hadde no,
hev Norig aldri
       sendt ut paa Sjo.

Dei seig um Odden.
       Og daa dei saag
den Skog og Mur,
       som bak Svolder laag,
daa ropte han Olav:
       "Lat Sigli falla!
Rædde, det skal dei os
       aldri kalla!
Og er dei Tylvti
       mot ein - - so visst
me treng dess minder
       aa skjota i mist!"

So bar det laust
       med det Svolder-Slag,
som dyn i vor Soga
       den Dag idag.
Og Danar og Sviar
       hamlad tilbaka,
sosnart dei fekk "Ormens"
       Tenner aa smaka
- Men daa so og Jarlen
       kom til med si Hær,
vart Brodde-Bylgja
       "Ormen" for svær.

Og Tryggvason høgt
       i si Lyfting stod;
og ned under Brynja hans
       draup der Blod.
Daa sa han: "Til Dauden
       er kvar Mann saka.
Og livande skal dei
       meg aldri taka".
- So bykste han med
       sine Menn uti Hav.
Og fri, som han livde,
       han sokk i si Grav.


Frå Noreg. Nationale Digte. Olaf Norli. Kristiana, 1894. Side 21-24. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad