Ringerik

(Dikt, 1901)

Av Per Sivle

Fagert, fagert er Ringerik,
       som det ligg attmed Tyrifjord!
Fagert, fagert med Nes og Vik,
       der Graset og Kornet gror.
Fagert med Bjørk i Krins kringum Voll,
fagert med Gran i Krans kringum Koll.
       Det stig som ein Song, der du ser det slik,
       at fagert er Ringerik!

Og Soga flyg yver Tyristraand
       og set seg paa Bautastein,
der Kjempehaugar ligg Raand i Raand
       kring Halvdan sit Skalle-Bein.
Ja, Halvdan Svarte var dugande Kar.
Og Son hans Halvdan han Harald var,
       hin Harald, han med det fagre Haar
       - som enno vaar Soga raar.
 


Frå Per Sivle: Olavs-Kvæde. Bogvennen. Oslo 1901. Side 50. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad