Ljos

(Dikt, 1909)

Av Per Sivle

    Og Menneskja
    ho sviv ikring,
og Lukke-Draum er Lôs.
    Og Menneskja
    ho gjeng i Ring
og leitar etter Ljos,
    Ljos, Ljos,
    meira Ljos.
 
    Og Menneskja
    hev Von paa Von
og slær si Von ihel.
    Og Menneskja,
    det arma Tjon,
ho vonar lika vel:
    Ljos, Ljos,
    meira Ljos.
 
    Og Menneskja
    ho hev det so,
den stakars Skodde-Dott,
    at sumde ho
    i Straale-Sjo,
ho kravde lika godt:
    Ljos, Ljos,
    meira Ljos!
 
    For Menneskja
    paa Livsens Straum
glid fram mot Æve-Os
    alt med den løynde
    Hjarta-Draum:
ho sjølv skal verta Ljos;
    Ljos, Ljos,
    meira Ljos.
 
 

Frå Per Sivle: Skrifter.I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk forlag 1909. Side 39-40. Elektronisk utgave 2003 ved Jon Grepsgtad.