Lerka

(Dikt, 1896)

Av Per Sivle

Og vesla Lerka,
ho hev det so,
at finn ho ein Tuve-Topp
fri fyr Snjo,
so kved ho i
med sin gladaste Song,
- so trur ho paa Vaar
med ein einaste Gong.
     - "Aa hei! aa hi! aa tiriliti!"

Og vesla Lerka,
ho hev det slik,
at finn ho ei Solstraala,
so vert ho rik.
Daa stig ho i Høgdi
og trallar i Lit
til Sumar paa Jord,
endaa Snjoen ligg kvit.
     - "Aa hei! aa hi! aa tiriliti!"

Og Lyngtuva, det
er Lerka sitt Fat.
Der set ho seg ned,
og so fær ho seg mat.
Og naar ho er mett,
ho takkar so glad
Vaarherre fyr Maten,
med Kvitter og Kvad.
     "Aa hei! aa hi! aa tiriliti!"

Gud signe deg!
Du er Fuglen min, du!
Gud signe no deg
med di glada Tru!
Og møter eg Kulde
og Snjo paa min Veg,
Gud gjev meg i Sol-Tru 
aa kveda med deg:
     "Aa hei! aa hi! aa tiriliti!"


Diktet stod på trykk i samlinga Skaldemaal (1896). Her frå Dikt i samling (1978), s. 129-130. Elektronisk utgåve ved Jon Grepstad/Nynorsk kultursentrum