Haust

(Dikt, 1909)

Av Per Sivle

 

Kvar vart det taa alle dei Fuglar,

som song

i Sumar so vænt millom Greino?

Sidan eg høyrde deim

ender og Gong;

og so vart det Stilla i eino.

- Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.

 

Kvar vart det taa alle dei Blomar,

som stod

og nikkad i Ljos og i Ange?

Eg ser yver Bøen,

men er inkje god

faa auga paa ein av dei mange.

- Han visnar, Blomen, mot Hausten. 


 


Frå Per Sivle: Skrifter. I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1909. Side 53. Diktet blei publisert i Bersøglis- og andre Viser i 1895. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad