Harald Haarfagre

(Dikt, 1894)

Av Per Sivle

           Dei segjer der vest
           paa Karmsund-Leid,
der Haarfagre søv i sin Haug,
           at bryt seg i Storm
           Have mot Land
med Dunder og ylande Draug,
           daa vaknar Gamlingen,
           reiser seg upp
og skodar kringum seg vidt;
           og Auga logar
           lik kvasse Eld,
           som der han stend
           i den myrke Kveld
og ser yver Lande sitt.
           Og daa det er,
           at møtest de tvo,
           so spør den eine
           den andre som so:
"Heve du set han Harald blunka?"

           Naar Baara velt seg
           fraa framand Straand
           med Tore-Dyn
           imot Noregs Raand
           og brøyter Skum-Veg
           til Sund og Vik
           og strøyr yver Strænder
           Vrak og Lik,
           - daa stig han,
           Normanna-Storegut,
           i Brynje-Bunad
           or Haagen ut
           og skodar yver
           si Heimsens Bygd,
           um Kollarne stend
           med si gamla Trygd,
           og ser seg ikring,
           um det inkje er so,
           at enno ligg Noreg
           frit yver Sjo,
           og røyner etter,
           um Landsens Menn
           stend burtmed Varde
           paa Vakthald enn;
 - daa er det, dei ser han Harald blunka.

           Men kjem der ei Tid
           daa Noregs Folk
           kysser paa Hand
           og takkar fyr Svolk,
           og gløymer det,
           som det eingong var
           og hugsar kje paa,
           det var skapt til Kar,
           og let seg nøra
           med Vanvyrd og Svik,
           og bed til Sjaund*)
           fyr sit eige Lik,
- daa ser dei kje meir han Harald blunka.

           Og du, som er
           av vort eige Lag,
           du, som liver
           i Noreg idag:
heve du set han Harald blunka?

*) Sjaund = Likferd.


Frå Noreg. Nationale Digte. Olaf Norli. Kristiania, 1894. Side 12-15. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad